No er det færre passasjerbåtar og ferjer som kjem inn i den verdskjende Geirangerfjorden, grunna nye reglar som trådde i kraft 1. januar.
Regelverket, som blei presentert i august 2024, har som mål å ta vare på verdsarvfjordane og skape berekraftig turisme.
– Vedtaket kom så seint, slik at ein treng litt tid for å omrømma seg rett og slett. Men det blir ikkje mange passasjerbåtar første halvåret.
Det seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen.
Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen seier at det ikkje blir mange passasjerferjer det neste halvåret, og at Sjøfartsdirektoratet er strenge på å gi ut dispensasjonar.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKHo er tydeleg på at kravet vil gi eit betre miljø, men at det likevel kom litt brått på.
Dermed må ferjer og passasjerbåtar møte dei nye krava før dei får segle inn i nokon av dei fem verdsarvfjordane: Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden i Vestland, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden i Møre og Romsdal.
Avhengig av straum
For å få passasjertrafikken opp og gå som normalt igjen, bli ferjene bygde om slik at dei kan gå på straum. Samstundes jobbar Stranda hamnevesen med å sette opp nye ladetårn til ferjene.
Men det tar tid, og Maraak trur ikkje ting er oppe og går før til sommaren.
– Sjøfartsdirektoratet er strenge på dispensasjonar. Det er nokre reiarar som satsar stort og er på plass med fartøy i løpet av første halvår, men eg trur eg vil seie at det blir stille det første halvåret.
Hurtigbåten «Fjord Experience» til kai i Eidsdal. Stranda Hamnevesen byggjer ut landstraum for lading av passasjerbåtar og bilferje i Geiranger, men anlegget blir ikkje klart før til sommaren.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKOgså Helle Jensen, som er dagleg leiar i Geiranger Fjordservice, påpeiker at overgangen har vore brå.
– Vi har utfordringar i overgangsperioden fram til straumen er på plass.
Geiranger Fjordservice har mellom anna passasjerbåtar for å vise fram verdsarvfjorden. Dei blir også bygde om.
– Vi byggjer no om «Geirangerfjord II» til å bli heilelektrisk, seier Jensen.
Helle Jensen i Geiranger Fjordservice seier dei har hatt utfordringar.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKKan bli full stopp
For cruiseskip blir dei nye reglane først innført i 2032. I kravet frå Regjeringa, grunngav dei valet slik:
«Stortinget har vedtatt at det skal innføres krav om nullutslipp for turistskip og -ferger innen 2026, samtidig som verdensarvfjordene skal sikres som anløpshavn. Det er derfor nødvendig med en gradvis innfasing av kravet, siden det ikke eksisterer tilstrekkelig teknologi for de største skipene ennå.»
Derfor kan cruiseskipa halde fram med å cruise gjennom verdsarvfjordane dei neste seks åra, utan å tenkje på utsleppskravet.
Etter det, kan det bli full stopp.
– Etter 2031 kan det bli slutt på cruisebåtar inne i fjorden her, om dei ikkje finn løysingar i forhold til drivstoff, anten det er biodrivstoff eller om dei kan gå på straum. Så kva framtida bringar når det gjeld cruiseskip, det får vi sjå, seier Maraak.
Rita Berstad Maraak viser fram området dei skal bruke til å byggje landstraum.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Er det ei reell frykt for deg om cruiseturismen stoppar opp i Geiranger?
– Eg skal ikkje seie at det er ei frykt, men det er klart at det er ei bekymring om det blir stopp på cruisetrafikken.
– Ikkje ein intensjon
Dag Inge Aarhus er kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet. Han seier det ikkje var deira intensjon at det ikkje skulle vere aktivitet i verdsarvfjorden.
– Men no er det sånn at det er politisk bestemt at ein skal ha nullutslepp, og ein skal setje miljøet høgare.
Rita Berstad Maraak er nøgd med korleis dei har klart å imøtekome kravet.
– Det er kjempestore investeringar, men vi har løyst oppgåva som staten har pålagt oss, så det er vi nøgde med. Så får vi berre vere optimistiske og tenke at straum og materiell er på plass første halvåret, seier Maraak.
Publisert 16.01.2026, kl. 16.54 Oppdatert 16.01.2026, kl. 17.57












English (US)