Her fall 17-åring i døden – foreldra meiner sikringa var for dårleg

1 month ago 17



Han må ha trudd at det var trygt å setja foten på den kvite isoporplata. Men under plata var det berre luft.

Leiken enda på tragisk vis for ein 17 år gammal gut frå Stord på nyåret i 2022.

Saman med fire andre ungdommar hadde han teke seg inn på byggjeplassen til nye Nysæter ungdomsskule.

Der leikte dei gøymsel på siste dagen av juleferien.

Men på eit tidspunkt har guten sprunge ut på nokre isoporplater som dekte til ei opning ned til etasjen under.

Isoporen var lagt der for å ta vare på varmen i underetasjen, slik at det var klart til støypearbeid på nyåret.

Platene gav etter og guten fall rett ned på betonggolvet i etasjen under.

17-åringen vart flogen til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse, men livet stod ikkje til å redda.

Kompisane vart vitne til at leiken enda fatalt.

Dødsulukke Nysæter

Her ligg restane av isoporen på golvet etter ulukka.

Foto: Olav Røli

Bistandsadvokat: Går ikkje an å skildra korleis foreldra har hatt det

I etterkant har politiet etterforska om nokon er å klandra for dødsfallet.

Men i sommar, etter over to år med politietterforsking, konkluderte statsadvokaten

Dei meiner at entreprenøren ikkje kan straffast for brot på loven.

Avgjerda er i tråd med innstillinga frå politiet.

– Eg kan ikkje kommentera saka sidan det har komme ein klage, seier statsadvokat i Rogaland Tore Kulstad.

Dei pårørande reagerer sterkt på avgjerda frå påtalemakta, og har klaga på at saka vert lagt vekk.

– Me meiner me kan bevisa at entreprenøren har vore aktlaus, seier Kjell Petter Neset, bistandsadvokat for dei pårørande.

Han uttalar seg på vegner av foreldra til guten.

Neset understrekar at foreldra ikkje er ute etter å ta nokon, men at dei vil hindra at noko sånt skal skje igjen.

– Det går ikkje an å skildra med ord korleis dei har hatt det i etterkant. Dei har hatt det frykteleg tungt, seier advokaten.

Fallulykke på Stord

Det vart ein spesiell start for elevane på Stord vidaregåande skule etter juleferien i 2021/2022. Ein pult var ståande tom, og det vart flagga på halv stong.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Meiner entreprenør var aktlaus

Advokaten meiner det er fleire forhold som gjer at entreprenøren har vore aktlaus og at dei skal straffast etter §258 i straffeloven.

Opninga i golvet der 17-åringen fall ned var ifølgje Neset sikra med gjerde på tre sider. Men på den sida der 17-åringen kom var det berre eit betonggjerde på 67 centimeter.

– Ein ung gut hoppar lett over eit så lågt hinder, meiner advokaten.

– I entreprenøren si eiga risikovurdering hadde dei eksplisitt vurdert risikoen for fall i opningar i golvet. Og det var skildra prosedyrar for å bruka massivt materiale som tolte belastningar. Desse isoporplatene som var lagt som golv ville ikkje ha hindra korkje personar eller tungt verktøy å falla igjennom, meiner Neset.

Dødsulukke januar 2022

17-åringen fall frå etasjen over og ned i underetasjen i det som skulle verta ny ungdomsskule. Dette biletet er teke etter opninga av skulen.

Foto: Olav Røli / NRK

Meiner saka liknar på alvorleg jernbaneulukke

Advokaten meiner denne saka har klare likskapstrekk med ei anna alvorleg ulukke, der manglande sikring var eit tema.

Tre ungdommar tok seg inn i ein jernbanetunnel på Filipstad i Oslo i 2019.

Ein døydde, og to andre vart kritisk skadde.

Kjell Petter Neset, advokat for foreldre til 17 år gammal gut som omkom.

Kjell Petter Neset er bistandsadvokat for foreldra til ein 17-åring som fall ned på byggjeplass i 2022. No klagar dei på at saka er lagt vekk.

Foto: Olav Røli / NRK

Høgsterett slo fast at sikringa på området var for dårleg, og at Bane Nor var ansvarleg.

Neset erkjenner at ungdommane hadde teke seg ulovleg inn på området.

– Dette er likevel underordna. Andre arbeidarar kunne også ha trakka gjennom isoporen, seier han.

NRK har forsøkt å få kontakt med ansvarleg entreprenør for byggjeprosjektet, men dei har ikkje svart.

Dødsulukke byggjeplass

I dette området leikte fem ungdommar gøymsel i juleferien 2022. Det enda fatalt.

Foto: Olav Røli / NRK

Publisert 05.08.2024, kl. 17.32

Read Entire Article