Her er tilfluktsrommet fullt av døde dyr

2 weeks ago 13



Det offentlege tilfluktsrommet i Mo i Rana minner nesten meir om Nohas ark enn ein tilhaldsstad under krigshandlingar.

– Her er det ei havørn som er drepen av toget. Ho er nok meint for utstopping.

Det seier Ulla Myhre, beredskapskoordinator i Rana kommune, medan ho ser ned i ein frysar som står i bomberommet.

Dei døde og utstoppa dyra må raskt ut av rommet om det skulle smelle.

– Vi har 72 timar på oss å tømme dette rommet.

I Noreg er det nesten 20.000 tilfluktsrom med plass til 2,5 millionar menneske. I Rana etterlyser dei retningslinjer på kva tilstand desse gøymestadene må vere i.

– Det har vi venta på i mange år. Det er jo føringar frå sentralt hald på kva som er forventa av oss, og kva er det slags sivile vernetiltak som er bra nok, seier Myhre.

Ulla Myhre, beredskapskoordinator i Rana kommune inne i tilfluktsrommet som er fullt av utstoppa fugla. Hun står sammen med en mann fra kommunen ikledd lyseblå fleece.

Beredskapskoordinator i Rana, Ulla Myhre er bekymra for at det ikkje blir bygd nye tilfluktsrom.

Foto: Frank Nygård / NRK

Byggestopp i 1998

Det er rundt 50 kommunar i Noreg som ikkje eingong har offentleg- eller private-tilfluktsrom. Og det blir ikkje bygd nye heller.

I 1998 blei bygging av nye tilfluktsrom vedtatt mellombels stansa av Stortinget.

Så når det blir bygd ny skule i Mo i Rana og ny flyplass, er desse utan tilfluktsrom.

Det bekymrar beredskapskoordinatoren i kommunen.

– Det at det blir bygga ein ny flyplass utan tilfluktsrom, bekymrar meg litt, seier Myhre.

I og med at kommunen har lagt ned skular og bygd nye utan tilfluktsrom har ein mista over to tusen plassar, og sit no igjen med tre rom med 1360 offentlege plassar til ei befolkning på 26.000.

– Det er i seg sjølv eit veldig lite tal med tanke på kor mange vi er i Rana, seier ho.

Det ene offentlige tilfluktsrommet i Mo i Rana er et grått murbygg.

Det er rundt 50 kommunar i Noreg som ikkje eingong har offentleg- eller private-tilfluktsrom.

Foto: Frank Nygård / NRK

På same tid blir det sett av mykje pengar til forsvar. I starten av juni vart alle partia på Stortinget einige om ein ny langtidsplan for Forsvaret for perioden 2025–2036. Det skal brukast 1635 milliardar på forsvar dei neste 12 åra.

– Det blir snakka mykje om totalberedskap, men då må vi gjere noko med den og ikkje berre med forsvaret, seier Myhre.

– No er tida her

Venstreleiar Guri Melby er einig og meiner vi veit for lite om tilfluktsromma vi har.

– Det finst mange tilfluktsrom, både offentlege og private, som vi ikkje har god nok oversikt over. Og det hjelper ikkje så veldig mykje viss folk ikkje veit kor dei er og korleis dei kan brukast.

Ho meiner det er på tide å sjå på den 26 år gamle byggestoppen.

Det var då vi levde i den djupe freden og håpa at denne tida med meir usikkerheit ikkje skulle kome tilbake. Men no er den tida her. Det må vi ta inn over oss. Og då må vi også rigge oss sånn at vi veit at vi greier å ta vare på folk dersom vi endar i krise eller krig.

Det ene offentlige tilsynsrommet i Rana er full av ting.

Det offentlege tilfluktsrommet i Mo i Rana må tømmast på 72 timar om det skulle skje noko.

Foto: Frank Nygård / NRK

Ho etterlyser meir merksemd på sivil beredskap, og viser til to rapportar frå høvesvis forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen. Der ho meiner den eine har fått meir merksemd enn den andre.

– Forsvarskommisjonen har blitt grundig følgt opp med eit breitt forlik på Stortinget, og med milliardar i satsing, så har Totalberedskapskommisjonen ikkje fått noko liknande oppfølging. Og det er berre småpengar som blir sette av i statsbudsjettet.

– Vi lever i ei uføreseieleg tid

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans-Petter Aasen lovar på si side å satse meir på tilfluktsromma framover.

– Vi lever i ei uføreseieleg tid. Tilfluktsrom er eitt beskyttelsestiltak, i tillegg så vil det vere viktig å definere kva som vil vere trygge tilhaldsstader i ulike typar scenario.

Han seier dei jobbar med dette, og at dei vil fremje ein meir heilskapleg plan i totalberedskapsmeldinga som kjem om kort tid.

Er det på tide å sjå på den mellombelse byggestansen av tilfluktsrom frå 1998?

Det er Stortinget som må oppheva Stortinget sitt vedtak frå 1998. Ettersom trusselbiletet er vesentleg endra frå kva det var i 1998 vil regjeringa kome tilbake til Stortinget med spørsmålet om tilfluktsrom i nye bygg i den varsla Totalberedskapsmeldinga. Den kjem i løpet av året.

Publisert 08.11.2024, kl. 07.03

Read Entire Article