– Premieren var direkte giftig.
Det skriv Aftonbladets Marcus Leifby i ein kommentar etter Aidas debut på svensk TV.
Den KI-genererte eksperten var ein del av Max-sendinga i sesongstarten.
Og kanalen har ingen planar om å slutte med å bruke Aida som ein del av studiosendingane.
NRKs ekspert Kristoffer Løkberg er heller ikkje veldig imponert.
– Eg håpar dette var første og siste gong, seier Løkberg.
Aida er henta inn for å komplettere Max’ gruppe av ekspertar. Ho presenterer seg sjølv slik:
– Ein skikkeleg dårleg idé
På spørsmål frå NRK om kvifor han omtaler bruken av Aida som giftig, svarer Leifby:
– Fordi den var det. Ein KI-ekspert som høyrest ut som ein sentralbordoperatør frå myndigheitene og monotont kvernar ut ganske uinteressant statistikk, er ikkje god TV, seier han til NRK.
Den profilerte journalisten meiner KI-ekspertar passar dårleg inn i Allsvenskan, ein liga han meiner handlar mykje om kjensler og lidenskap.
SKEPTISK: Marcus Leifby, Aftonbladet.
Foto: Arne Forsell / Bildbyrån– Det skjærte seg, rett og slett. Ein skikkeleg dårleg idé som aldri burde ha forlate idéstadiet, seier han.
– Korleis har reaksjonane vore i Sverige?
– Eg har ikkje møtt, snakka med eller høyrd om nokon som meinte det tilførte noko. Ikkje eingong dei som jobbar med Max, som eg har vore i kontakt med, ville stå opp for Aida, fortel han.
Kva synest du om den KI-genererte eksperten?
Max la også ut ein seanse på X. Der er det ikkje alltid rosande ord å hente, men Aida lokka fram uvand sterke gloser.
Bidraget hennar blei stempla som «havari», «sjellaust» og «uinteressant».
– I sport og idrett handlar det om kjensler, engasjement og uttrykk. Det er behov for reaksjonar på umiddelbare hendingar, og det kan ikkje erstattast, seier Løkberg.
Ikkje imponert
Aida seier sjølv at ho legg kjenslene til side, og at ho berre skal samle inn og presentere alt som skjer på banen.
Løkberg hentar fram eit ordtak frå fotballbanen:
– Det er noko som heiter «good on paper, shit on grass». Det er øvingar som blir klekt fram på kontoret. Det var sikkert ein spennande ide på eit møte. Så fekk dei testa det, og det var ikkje all verda, seier han.
Taina Bucher er professor i medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Ho leier ein hub for forsking på humanistiske perspektiv på KI.
EKSPERT: Taina Bucher er professor ved Universitetet i Oslo.
Foto: Hallgeir Aunan / NRK– Eg blir ikkje imponert, men eg trur ein kjem til å sjå meir av denne typen innhald framover.
Ho synest det er særleg interessant at dei skil mellom kjensler og statistikk.
– Eg synest det er interessant å sjå korleis det blir presentert. Dette skal ikkje handle om kjensler, men at nokon skal formidle eit datagrunnlag. Og det er kanskje sant. For meg verkar det som ei slags formidling av eit datagrunnlag.
Trur på fleire KI-ekspertar
- NRK har kontakta Warner Bros Discovery for å svare på kritikken. Dei har ikkje svart på førespurnaden vår, men har svart fleire svenske medium.
– Når ein bruker nye verktøy i sendingar kjem det alltid skape reaksjonar. Vi elskar engasjementet frå sjåarane og kjem til å ta til oss tilbakemeldingane, seier Johan Björck, presseansvarleg i Max, til Aftonbladet.
FOTBALLEKSPERT: Kristoffer Løkberg, her avbilda under innspeling av «Bakrommet», heilt fritt for kunstig intelligens.
Foto: Fredrik Saltbones / NRKKI-eksperten Bucher fortel om ei rivande utvikling.
– Det skjer så mykje, så kjapt. Modellane blir betre og det visuelle blir betre. Eg kan absolutt sjå for meg at det blir meir KI-generert formidling.
Det er godt nytt for Aida, og kanskje ikkje like gode nyheiter for Løkberg. Han meiner særleg eitt punkt må bli betre.
– For meg er det ganske uinteressant. Det må innehalde ein kontekst. Eg ønsker menneskelege kjensler og menneskelege uttrykk. Eg kan forstå at roboten klarer å skaffe noko statistikk og presentere det, seier NRKs fotballekspert.
– Jeg ble skutt 20 meter ut 01:16
Publisert 12.04.2025, kl. 08.41 Oppdatert 12.04.2025, kl. 08.49