Her dalar snøen – og meir skal det bli

4 hours ago 2



For nokre dagar sidan bada Sør-Noreg i sol og over 25 grader.

No har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel om snø for delar av landsdelen.

Det har vore eit veldig skifte frå det vi hadde for nokre dagar sidan. Frå godt over 25 gradar til snø i høgareliggande område, seier vakthavande meteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Et hus i snøen

I Rauland i Telemark vakna dei opp til snø torsdag morgon.

Foto: Leif Edvard Isaksen

– Nysnø på fleire stasjonar

Fleire plassar i Sør-Noreg har det snødd det siste døgnet.

Vi registrerer nysnø på fleire stasjonar. Det har kome nokre centimeter på nokon av dei.

En vei med snø på siden

Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl ber folk som skal over fjellet i Sør-Noreg om å vere obs på at dei kan møte snø. Biletet er frå Kongsvold sør i Trøndelag torsdag morgon.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Det komande døgnet vil fjellet i Sør-Noreg, samt enkelte område i Innlandet, Buskerud, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag òg kunne få snø, seier han.

Er du ute i morgontimane i morgon, vil du kunne sjå litt snø.

I den samanheng har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel om snø, som gjeld for torsdag kveld til fredag morgon.

Det skal starte å snø aust i Hedmark, også brer det seg vestover, ifølgje Meteorologisk institutt.

I høgda er det venta mellom tre til ti centimeter snø.

Snøgrense 500 meter

Snøgrensa vil vere nede på 500 meter frå torsdag kveld til fredag morgon.

Foto: Meteorologisk institutt

Er du glad for at snøen kjem tilbake?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Uføreseieleg i mai

Meteorologen seier det er normalt at det svingar i mai.

Men det kjem nok som eit sjokk for mange, som tenkte at sommaren var kome.

I Røn i Valdres kom det noko snø onsdag kveld.

Stine Bækkelien/NRK

Det er derimot ikkje snakk om store snømengder som har kome. Men det skal kome meir i kveld og natt, seier Løvdahl.

Fredag morgon så kan det nok vere fleire plassar som får sett det.

Meteorologen oppmodar folk til å vere obs om dei skal køyre over fjellet mellom aust og vest.

Køyr etter forholda, seier han.

Publisert 22.05.2025, kl. 11.37 Oppdatert 22.05.2025, kl. 11.55

Read Entire Article