– Helseminister Vestre går for det som fortast gjer ein forskjell for folk. Litt sånn som Kari

2 hours ago 3



KOMMENTAR: Helseminister Jan Christian Vestres marsjordre til sjukehusa? Lytt til fagfolka. Og pass godt på dei. Det kjem pasientane til gode.

Onsdag haldt helseminister Jan Christian Vestre (Ap) den årlege sjukehustalen. Foto: Javad Parsa / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det skjer kvart år. I januar. Kven det nå er som er helseminister i Norge, held ein tale som eigentleg er ein marsjordre til alle som jobbar i den svære, offentlege helsetenesta. Etterpå får dei brev med heim.

Og Jan Christian Vestre (Ap) er litt som Kari Nessa Nordtun (Ap). Han går for det som gjer ein direkte forskjell for folk. På enklaste vis. (Sjølv om «enkelt» nok er blant orda som passar aller dårlegast på alt som har med helsevesenet å gjera.)

Først

I fjor, då Vestre var nokså ny i jobben, etter at Ingvild Kjerkol måtte gå av fordi ho var tatt i juks, kom han med ventetidsløftet. Eit svært løft for å få ned ventelistene på alle sjukehusa våre. Få dei ned til slik det var før pandemien.

Vestre fekk med seg ulike folk frå dei som står pasientane nærmast, og ulike folk frå dei som styrer det heile. Han var sjølv med i denne arbeidande komiteen, og sende pengar ut til sjukehusa. Men inga detaljert bestilling på akkurat kva dei skulle gjera for å få ned køane.

Eit sjukehus overlét til ergoterapeutar og fysioterapeutar å følgja opp handleddsbrot, for å frigjera legane. Andre tok – på frivillig basis – i bruk kveldar og helger for å ta unna pasientar i køen.

Nå har pilene så vidt snudd. I desember i fjor venta folk i snitt fem dagar kortare i køen enn året før.

Samtidig har Vestre fått på plass ein arbeidsstyrke i denne komiteen sin som kan brukast vidare. Og – får vi tru – ein måte å løysa ting på som tar fagfolka på alvor. Dei var nøkkelen.

Og så?

Dei får beskjed om å fortsetja. Køane må bli endå kortare. Helseføretaka – som Helse Vest – må kartleggja kva som finst av privat hjelp til dei behandlingane der køane er lengst. I løpet av februar, takk.

Så blir det meir utfordrande. Sjukehusa må også få ned sitt eige sjukefråvær. Det er høgt. Også det skal ned til slik det var før pandemien. Vestre peikar på betre leiing, betre fagleg støtte og meir fleksibilitet for fagfolka. Med seg, vil eg tru, har han jo ennå denne komiteen sin, der alle arbeidsorganisasjonane på begge sider av bordet er med.

Det krev jo også eit taktskifte. Vilje til å setja opp fleire på vaktlista, frå arbeidsgivarsida. Vilje til å opna for meir fleksible vaktordningar, frå arbeidstakarane. Og gjensidig tillit. Tillit til at ein kan prøva ut ting, utan at det straks blir eit krav som skal gjennomførast, uansett.

Og endå vanskelegare, trur eg: Vestre gir ordre om meir samanheng. For pasienten. Samanheng mellom ulike nivå, mellom sjukeheim og sjukehus, fødeavdeling og helsestasjon. Det der. Eg har høyrt på mange debattar om det. Det har aldri kome noko ut av dei.

Utanom

At ein går i gang med det som fagfolka kan bidra til å løysa, og som vil gjera ein forskjell for oss som kan bli pasientar, er jo klokt. Både for å faktisk redusera køane, og for å få opp trua på sjukehusa våre, både blant dei som ennå jobbar der, og blant oss som kan trengja dei.

Så finst det jo samtidig svære bekymringar som fagfolka ikkje kan løysa. Som likevel rammar både dei og oss: Sjukehusøkonomien. med den der kokko-ordninga der ein latar som at sjukehusa kan byggja sine eigne sjukehus, og fint klara betala tilbake svære lån dei får frå staten. Det må politikarane fiksa aleine. Ta dei store pengane til.

For det er gode grunnar til å vera veldig bekymra for om helsevesenet vårt klarar seg. Om dei klarar ta imot oss, når vi treng det som mest. Og om vi kan stola på det.

Publisert:

Publisert: 15. januar 2025 16:10

Read Entire Article