– Vi har ikkje fornamn, seier Fnu Nidunjianzan.
Eller berre Nidunjianzan som han faktisk heiter.
I helga var han med på det kinesiske laget som tapte for Casper Ruud og Noreg i Davis Cup i tennis.
Det var også der at NRKs journalist på staden stussa over det smått uvanlege fornamnet «Fnu».
Svaret vi fekk er at «Fnu» nemleg er ei forkorting for:
First name unknown.
Eller på norsk: ukjent fornamn.
Amerikanske reglar
For i Tibet i Kina, der Fnu Nidunjianzan er frå, er det vanlege at ein berre har eitt namn.
– Alle i Tibet, vi har ikkje fornamn, vi har berre etternamn. Så mamma, eg, pappa, vi har alle ulike etternamn, seier Nidunjianzan til NRK.
FNU: 22 år gamle Fnu Nidunjianzan under oppvarming på grusen i Trondheim før møtet med Noreg i Davis Cup.
Foto: Carl Andreas Wold / NRKDei siste fire åra har han studert ved prestisjeuniversitetet Princeton i New Jersey, USA.
Og det var nettopp da han skulle starte på universitetet i USA at han enda opp med fornamnet «Fnu».
– I USA, så må ein ha eit fornamn til skulerapportar eller kva som helst, forklarar 22-åringen til NRK.
– Så eg trengde liksom eit offisielt fornamn frå myndigheitene, og det dei gav meg var Fnu, som står for «First Name Unknown».
– Så First Name Unknown, FNU, det er namnet ditt nå?
– Det er namnet mitt, ja, seier Fnu Nidunjianzan smått humrande til NRK.
Overraska verdsstjerne
Nidunjianzan seier sjølv at han er frå Lhasa i Tibet i Kina.
Tibet har sjølvstyre, men det ligg under Kina.
Difor er det det kinesiske flagget som Nidunjianzan spelar med på brystet i internasjonale konkurransar.
KINA: Det kinesiske landslaget på plass i Trondheim under Davis Cup mot Noreg. Fnu Nidunjianzan står heilt til høgre.
Foto: Ole Martin Wold / NTB22-åringen er den fyrste med bakgrunn frå Tibet som nokosinne har teke ATP-poeng, og han satsar for fullt på tennis nå når han er ferdig med utdanninga frå Princeton-universitetet.
Saman med Nidunjianzan på det kinesiske laget spelte Zhizhen Zhang. Tidenes beste kinesiske tennisspelar som har vore heilt oppe på 31.-plass på verdsrankinga.
Da NRK møter verdsstjerna Zhang og spør om namnet til lagkameraten, får han seg ei overrasking.
VERDSSTJERNE: Zhizhen Zhang er Kinas beste tennisspelar. Han hadde ikkje fått med seg at lagkompisen eigentleg ikkje heiter Fnu.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Er det sant? Heiter han ikkje Fnu? Det skal eg gå og prate med han om, seier Zhang til NRK.
Tibetansk tradisjon
Namgyal Tsomo Svenningsen i Den norske Tibet-komité bekreftar til NRK at i Tibet er det den gjeldande tradisjonen at ein berre har eitt namn.
– Mitt namn er for eksempel Namgyal Tsomo. Det er mitt fornamn. Og så er eg gift her i Noreg i tillegg, seier Svenningsen til NRK.
Ho forklarar at mange tibetanarar innimellom berre har registrert namnet sitt dobbelt. Slik at fornamn og etternamn blir det same.
I tennisspelaren Nidunjianzan sitt tilfelle ville det da vorte:
«Nidunjianzan Nidunjianzan»
Svenningsen tykkjer det er litt snedig med tilfellet Fnu Nidunjianzan, men ho fortel at ho også har høyrd om folk som har fått registrert etternamnet sitt som «Lnu»: «Last name unknown».
Sjølv har Fnu Nidunjianzan ingen problem med at han blir kjend som «Fnu».
– Viss nokon ropar Fnu, snur du deg?
– Å, heilt sikkert, skrattar Nidunjianzan og held fram:
– Ingen andre rundt meg er «Fnu», så eg veit at dei ropar heilt sikkert på meg, avsluttar tennistalentet smilande.
Får spørsmål om kronprinsessen
Publisert 22.09.2026, kl. 21.21












English (US)