Heathrow flyplass stengd ut dagen på grunn av brann

1 month ago 24



Brannen oppstod i Hayes, eit par kilometer unna flyplassen.

Skadane i transformatorstasjonen har gjort fleire tusen heimar straumlause, ifylgje Sky News. I tillegg er straumen vekke på flyplassen Heathrow.

Minst ti brannbilar og 70 brannkonstablar blei sende ut for å sløkke brannen. Over 150 personar er evakuerte frå området.

Brann i en transformator

Brannvesenet i London har delt eit bilde av brannen på X.

Foto: London Fire Brigade/X

Konsekvensar for 1.300 fly

I første omgang er Heathrow stengd ut dagen fredag. Meir enn 1.300 fly skulle ha letta eller landa her i løpet av dagen, ifølgje flysporingstenesta Flightradar24.

Men straumbrotet kjem truleg til å få konsekvensar for drifta i fleire dagar.

– Vi ventar omfattande forseinkingar dei komande dagane. Passasjerar bør ikkje reise til flyplassen under nokon omstende fredag, seier ein talsperson for Heathrow.

heathrow

Denne meldinga står inne på flyplassen si heimeside.

Foto: FAKSIMILE

Frå Oslo lufthamn Gardermoen har British Airways og SAS totalt åtte flygingar til London Heathrow fredag, ifølgje Avinor.

Passasjerar blir bedne om å ta kontakt med flyselskapet sitt, skriv Heathrow-flyplassen.

et fly som flyr over et skilt

Heathrow flyplass er den mest travle flyplassen i heile Europa.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Travlast i Europa

London Heathrow er ein fleire flyplassar i den britiske hovudstaden, men den desidert største i området.

I løpet av 2024 var 83,9 millionar passasjerar innom flyplassen. Det gjer det til den travlaste i Europa, og ein fjerdeplass i verdssamanheng, ifylgje Time Out.

Kvart 45 sekund tek det av eit fly, eller så landar eitt, ifølgje Sky News.

Tidleg fredag morgon var 120 fly på veg mot flyplassen, ifølgje Flightradar24.

Publisert 21.03.2025, kl. 03.36 Oppdatert 21.03.2025, kl. 06.55

Read Entire Article