DEBATT: Korleis kom me hit? Korleis kom me til ein stad der sjølvaste kunnskapsministeren vil fjerna kunnskap frå skulen?
Helge Kristoffersen
Lektor og hovudtillitsvalt Norsk lektorlag Sandnes kommune
Ragnhild Fiskå Voll
Pensjonert lektor og hovudtillitsvalt Norsk lektorlag Rogaland fylkeskommune
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Det siste utspelet til Kari Nessa Nordtun er eit vegkart til ein skule med mindre innhald. Ministeren inviterer til offentlege ordskifte, men det er ikkje lett å svara på eit utspel der debattanten snakkar så tydeleg mot seg sjølv. Det er grovt feiltenkt å tru at å ta bort fag styrker arbeidet med dei grunnleggjande dugleikane som lesing, rekning og skriving. Veit ikkje ministeren at det er desse dugleikane elevane øver i fag som RLE, samfunnsfag og engelsk?
Veit ho kva som skjer på skulen?
I Norge, som i dei fleste andre land, startar born på skulen når dei er 6 år. Sjølvsagt skal dei sleppe å sitje i ro på ein pult i timevis. Ingen er laga for slikt. Det er ingen som er usamde i at aktivitet er bra. Men kva er det som får ministeren til å tru at det er faga KRLE, samfunnsfag og engelsk som gjer at norsk skule har for dårlege resultat i lesing, skriving og rekning? Har ministeren så dårlege kjennskap til fagfeltet sitt? Trur ho, i fullt alvor, trur at det berre er lærarar i norsk, matematikk, kroppsøving og praktisk estiske fag som driv med lesing, skriving, fysisk aktivitet og problemløysing?
Land me likar samanlikne oss med er gode på fag frå skulestart. I Finland, som lenge har leia an i nordisk skule, er det endå fleire fag. Ministeren tenkjer nok på alarmen frå TIMSS-undersøkinga, men dei siste resultata peikar ikkje på få timar på barnetrinnet. Det er ungdomsskulen som treng fleire timar i naturfag. Sjølvsagt skal me ha naturfag, men for å fanga alle 6, 7 og 8-åringar, må me og ha samfunnsfag og KRLE.
At Norge særleg ligg etter i biologi er ei sterk oppmoding til å gå ut i naturen med dei minste skuleelevane. Dei treng meir. TIMSS peikar og på at i matematikk ligg norske 5.-klassingar etter i emne som statistikk, tall og geometri og målingar, som gjerne kan lærast i samfunnsfag. Norsk skule skal fyrst og fremst førebu nye generasjonar for verda og framtida. Kan me då halda oss med ein kunnskapsminister som ikkje kjenner til det som faktisk skjer i norske klasserom?
Meir enn badevatnet som forsvinn
Den som kastar ut badevatn kastar ofte ut nok anna også. Kastar me ut samfunnsfag, kastar me og ut spanande turar i lokalmiljøet for å lære geografi og historie. Er det slik at borna ikkje lengre skal, «utforske og beskrive kulturminner og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet» og «utforske og presentere hvordan mennesker levde for én til to menneskealdre siden»?
Det er faktisk langt utanfor vårt vit å skjøna at ministeren vil at elevane skal knyta vennskap, men samstundes kutta eit fag der elevane skal «reflektere over hvorfor mennesker har ulike meninger og tar ulike valg» og «samtale om vennskap, tilhørighet og hva som påvirker relasjoner». Når ministeren og meiner at dei yngste elevane ikkje skal få med seg religion, livssyn og etikk, må me verkeleg stoppa spørsmålet; Har ministeren nokon gong lese ein læreplan?
Som svar på tiltale svarer ministeren at trass i kutt i fag, skal lærarane jobba like mykje. Lærarane skal jobba tettare på elevane og miljøterapeutar skal ta hand om større delar av dagen med positive aktivitetar. Med tilnærma obligatorisk SFO dei fyrste åra er det ikkje mangel på fri leik på norske skular.
Leik er bra og slettes ikkje ein motsetnad til læring. Dei siste åra har norske læreplanar fått eit ekstra lag av tverrfaglege emne som hjelper skulen til å løysa opp timeplanar og jobba på tvers av faga. O-fag og heimstadlære er faktisk mogeleg i 2025. Oftast er dette spanande prosjekt med mykje samhandling og praktisk arbeid. Miljøterapeutar er hjartelege velkomne inn i klasseromma, men det er lærarane som setter premissa for læring. Det er heilt klart mykje å henta på eit meir samstemt lag rundt eleven, men å fjerne lærarane frå timar gjer ikkje meir læring.
Dette verkar panikkarta
I iveren etter å styrke dei grunnleggjande dugleikane lesing, skriving og rekning, gløymer ministeren dugleikane munnleg og digitalt. Lesaren og ministeren burde vita at alle dei grunnleggjande dugleikane skal vera med i alle fag. Dette gjer norsk skule god og variert. Om elevane jobbar med desse dugleikane i færre fag, tyder det berre at skulen vert mindre variert og spanande. Naturfag, samfunnsfag og KRLE er kjende som dei munnlege faga med ein heil del lesing. Ein kan gjerne diskutere fagleg trykk og manglande faktisk koordinering på skulane, men det er ikkje løysinga å fjerne variasjon. Tvert om er mangfald innan fag og dugleikar med på sikra ein meir praktisk og variert skulekvardag.
Ministeren ringer i den store alarmklokka, og vil ikkje vente på utvalet som ser på dei store utfordringane i fellesskolen kjem med sin rapport om nokre månader. I nærast rein panikk vil ho fjerne fag for å få betre læring. Over natta skal lærarar i tre fag få nye arbeidsoppgåver på høgare trinn for å gje rom for meir leik. Kor vil ministeren henta kreative og kompetente lærarar i norsk, naturfag og matematikk? Paradoksalt nok var det Arbeidarpartiet som fjerna spesialistane innan lesing og rekning. Ministeren les nok vår og andre sin kritikk av framlegget. For barna si skuld er det best at ho denne gongen ikkje ignorerer alle faglege råd. Kan du, Kari Nessa Nordtun, denne gongen visa deg som ein minister som er for kunnskap?
Publisert:
Publisert: 27. november 2025 12:18

5 hours ago
1












English (US)