Har kjent seg fysisk uvel etter bytet: – Eg har litt kjærleikssorg

15 hours ago 5



– Eg har jo litt kjærleikssorg over det å på ein måte ikkje vere kombinertløpar lenger, seier Gyda Westvold Hansen.

Medan Hansen oppheld seg på Lillehammer og verdscupopninga i hopp, konkurrerer gamle lagkameratar i NM i kombinert på Beitostølen.

– Eg har kjent på eit forventningspress overfor meg sjølv. Eg skal innrømme at det ikkje har vore lett dei siste dagane, seier Hansen til NRK etter rennet.

I sommar meldte ho overgang til hoppsporten for å kunne kvalifisere seg til OL.

Gyda Westvold Hansen blir intervjuet

HOPP: Gyda Westvold Hansen blir intervjua etter debuten i verdscupen i hopp.

Foto: Anders Engeland / NRK

– Eg har kjent på at eg bør lykkast, når eg har gått så hardt ut som eg har gjort.

Verdsmeisteren innrømmer at det ikkje berre har vore lett å byte idrett.

– Har du kjent deg fysisk uvel i det siste, på grunn av dette valet du tok?

– Ja, eg har jo det. Men det pleier eg også å vere før sesongstart som kombinertløpar. Eg er vand til det, men eg kjenner kanskje litt meir på det, for inst, inst, inst inne så føler eg meg framleis litt som kombinertløpar. Det å vere på ein hopparena er jo litt ukjend på ein måte.

Sesongopninga har ikkje vore det ho håpa på. 23-åringen kom ikkje lengre enn 99,4 meter og kvalifiserte seg ikkje til finaleomgangen laurdag.

– Det er kjedeleg, sjølvsagt, men samstundes er det såpass realistisk at med den prestasjonen eg gjorde i dag, så fortente eg heller ikkje vere med, seier ho.

En utøver i en hjelm med norsk flagg holder en skistav. Hun er iført en teknisk drakt med sponsorlogoer. Omgivelsene ser ut til å være en konkurransearena med tilskuere i bakgrunnen. Bildeutsnittet fokuserer på utøveren og hennes forberedelser før utførelsen.

VERDSMEISTER: Gyda Westvold Hansen har fem VM-gull i kombinert.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Ikkje lenger best

Den tidlegare kombinertløparen har fem VM-gull, og seier sjølv ho har vore blant dei beste sidan ho var 16 år gamal. Ho innrømmer at det er uvand å hamne ned på lista.

– Eg tenkjer at eg har godt av det og eg må berre ta med meg det eg kan og jobbe vidare, seier ho.

NRKs hoppekspert trur det kan vere vanskeleg å gå frå å vere best, til å hamne lengre ned på lista.

– Eg trur det er vanskeleg og utfordrande. Det er noko heilt nytt. Ho er vand til å stille opp i dei fleste renn og vere soleklar favoritt, seier Johan Remen Evensen.

Han held fram:

– Eg trur ho kan lære mykje av det. Det mentale, korleis ein jobbar og leitar etter ting å bli betre på, på ein annan måte enn når ein berre vinn og vinn. Det kan ho dra nytte av uansett om ho vel spesialhopp eller kombinert seinare.

En person i rød jakke står i snøfylt omgivelser, med skibakker i bakgrunnen. Det snør lett, og publikum kan skimtes i avstanden. Personen har på seg en svart lue med "NRK Sport" skrevet på. Bakgrunnen er uklar, men det ser ut til å være en sportsbegivenhet pågår.

HOPPEKSPERT: Johan Remen Evensen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Modig gjort

Hansen ynskjer å delta i OL til vinteren. Kombinert for kvinner er ikkje ein disiplin i meisterskapet, og Hansen har difor bytt idrett.

Ho er likevel ikkje sikker på om ho kjem seg dit.

– Det er høgt nivå i Noreg og mange om plassane, så ein må verkeleg stå på og vise gode hopp framover, seier ho.

Hoppeksperten synest Hansen er modig som tør å satse mot eit OL.

– Det er ein overgang frå vere kombinertløpar til å bli ein spesialhoppar. Nivået i hoppbakken er nok eitt par nivå høgare, og det er modig å gå frå å vere verdas beste kombinertløpar til å prøve å kjempe seg opp mot toppen, seier Evensen.

En skihopper er avbildet i fritt fall, iført en konkurransedrakt med sponsormerker. Skiene har tydelig merking fra produsenten Fischer. Bakgrunnslyset indikerer en klar himmel under rivaliserende aktiviteter. Bildet fanger momentet av bevegelse i skihopping.

MODIG: Evensen meiner Westvold Hansen er modig som tør å prøve å satse spesialhopp.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han meiner det er mykje ein må ta omsyn til når ein bytter.

– Det er dei tinga som er litt forskjellige i spesialhopp med reglar på utstyr og teknikk, som må sitte enda betre. Fysikken må vere meir spissa inn mot det hopptekniske og det tar nok litt tid. Men det er kult at ho prøvar. Det er modig gjort, legg han til.

– Trur du ho kan nå verdstoppen i hopp?

– Vanskeleg spørsmål å svare ja eller nei på. Eg trur nok at Gyda har potensial til å kunne bli ein veldig god skihoppar. Om ho klarer det på eitt år, er eg usikker på, svarar Evensen.

Gyda Westvold Hansen føler likevel at ho har tatt det riktige valet.

– Eg er heilt sikker på at om eg ikkje hadde gjort dette, så hadde eg angra om 15 år, seier ho.

– Det er i motbakke det går oppover, så eg tenkjer at det er berre å senke skuldrene og eg skal kose meg i hoppbakken framover.

Publisert 23.11.2025, kl. 08.56

Read Entire Article