Har fått svar på uforståelege resultat: – På tide å dra i brekket

22 hours ago 4



– Det har vore ei bra tolmodsprøve denne romjula her, fortel Endre Strømsheim.

Skiskyttaren snakkar med NRK frå ei hytte på Sjusjøen etter å ha vore ute på ei treningsøkt. Berre den andre sidan han drog heim frå verdscupen i Le Grand-Bornand etter ein særs svak 55.-plass på sprinten 19. desember.

Da var det på tide å prøve og finne den verkelege årsaka til dei uforståelege resultata denne sesongen. For Strømsheim vann det første individuelle rennet i Kontiolahti. Eit par dagar seinare blei det ein 61.-plass, og såg ein sjuande- og ein fjerdeplass.

Det har vore merkeleg. Når du er så mykje som to minutt bak i langrennstid på ein sprint, og er så gjennomtrent som Strømsheim er, så tenker ein at noko er riv ruskande gale, meiner NRKs ekspert Ola Lunde.

Endre Strømsheim

Etter 10 dagar i ro, kunne endeleg Endre Strømsheim begynne å trene igjen.

Foto: Privat

Men verken Strømsheim sjølv eller støtteapparatet fann ut av kva som faktisk var gale.

– Det er sjølvsagt veldig frustrerande, og eg bruker mykje tid på å analysere og tenke over det her, innrømmer han.

Prøver gav svar

Det var først og fremst pulsen han merka det på. Den var høgare enn normalt, og han gjekk ikkje ned sjølv i mindre anstrengande parti. I staden blei 27-åringen, som er vant til ekstreme treningsmengder, meir og meir sliten utover i løpa. Restitusjonstida blei også lengre.

– Det kjentest ikkje sunt ut å gå skirenn når det kjennest sånn, seier Strømsheim.

– Det kan jo vere sånn i nokre dagar utan at det er noko som er gale, og det tenkte eg første veka, så andre veka, men så blir ein litt meir usikker. Den tredje veka var det på tide å dra i brekket, legg han til.

Han burde kanskje stoppa enda tidlegare, men eg skjønner at det er vanskeleg når konkurransen er som han er, seier Lunde.

Endre Strømsheim

LANGT NEDE: Sprinten i Le Grand-Bornand blei tung for Strømsheim, som blei nummer 55.

Foto: AFP

Tilbake i Oslo rett før jul kjente Strømsheim seg eigentleg enda dårlegare, og fleire prøver blei tatte. Det blei fastslått ein virusinfeksjon.

Han har ikkje hatt forkjølingssymptom eller liknande, og kvifor det skjedde har han framleis ikkje eit klart svar på. Kvile var medisinen.

Det er ikkje alltid at vi får sånne svart på kvitt-svar i toppidretten. Alt er ikkje logisk, men det er vel ei eller anna form for negativt stress, ein ulmande infeksjon, eller eit eller anna sånn diffust som kan skje, meiner han, og understrekar at det ikkje dreier seg om hjarterytmeforstyrringar.

Sommar full av trøbbel

Strømsheim slo for alvor igjennom i verdscupen førre sesong. Denne våren fekk han plass på elitelandslaget og forventningane var store. Men heller ikkje i sommar gjekk alt på skjener.

Først var han utsett for ein stygg sykkelkrasj i starten av juni.

Endre Strømsheim

Strømsheim delte dette bildet etter sykkelkrasjen i sommar.

Foto: Privat

Det var fullstendig blackout. Det var veldig rar kjensle. Plutseleg var eg i ambulanse og på veg til intensiven. Det gjekk jo bra, men det var dramatisk der og da, har han fortalt NRK tidlegare.

Seinare på sommaren blei han sett ut av Covid i eit par veker, før han trøbla med ryggen i september.

– Det har vore litt småtteri her og der, men trass i litt småproblem, så prega det ikkje treninga skikkeleg. Eg hadde eigentleg veldig trua på at eg hadde gode nok kort på handa da eg kom til sesongstarten, og det såg jo sånn ut, men så kjente eg etter kvart at det var noko som skurra.

Nå er han endeleg, som nemnt, tilbake i trening igjen. Dei gode resultata han har, har også gjort at han er uttatt til verdscupen i Oberhof denne veka.

Endre Strømsheim

Skiskyttaren er klar for verdscupen i Oberhof frå 9. januar.

Foto: Privat

I februar er det VM i Lenzerheide, og det er trongt om plassen blant dei mannlege skiskyttarane.

Eg håpar jo eg kjem meg i vater og klarer å respondere på skirenna over nyttår, og få ei positiv formkurve resten av sesongen, seier Strømsheim.

Med det grunnlaget han har, så kan han prestere bra allereie i Oberhof. Og det er viktig, for nå startar dei med uttak på distansane til VM, påpeikar Ola Lunde.

Verdscuprenna i tyske Oberhof blir gått 9. til 12. januar. Dei blir sende på TV 2 og på NRK Sport på radio.

Sjakkprofil må ta baklengs militærstup: – Du kødder?! 02:44

Publisert 07.01.2025, kl. 20.33

Read Entire Article