Kortversjonen
- Hanna Flækøy Skjåkødegård har skaffet 55 millioner kroner til en ny, privat videregående skole i Lom.
- Kommunene Lom, Skjåk og Vågå støtter prosjektet.
- Tidligere lærere og rektor ved den nedlagte videregående skolen i Lom er med.
- Skolen tilbyr også plass til elever med spesielle behov.
På tuftene
av den snart nedlagte vidaregåande skulen (vgs) i Lom, skal det startast ein ny skule.Hanna Flækøy Skjåkødegård (40) i Bergen og styret i Jotunheimen privatistskule kan i påskeveka fortelje om at dei har skaffa 55 friske millionar kroner til skuleprosjektet. Og målet om 60 mill. er innan rekkevidde om kort tid.
Vågå vågar
Sist veke sa nemleg den tredje kommunen i Ottadalen, Vågå, ja til å bli med på prosjektet. Det betyr at alle dei tre kommunane Lom, Skjåk og Vågå har slik tru på erstatninga for fylkeskommunen sin nedlagte vgs i Lom - at dei investerer i privatskulen.
I tilleg har ei rekkje private givarar stillt opp med pengar.
– Det er spesielt kjekt at både Lom, Skjåk og Vågå kommunar står saman om dette.
– Heile Ottadalen står saman?
– Ja, dette er faktisk Ottadalen, sjølv om Otta ikkje er med. Vi håpar at Otta vil samarbeide, og ikkje sjå oss som en konkurrent, seier Skjåkødegård til VG.
Otta er nemleg kommuneseneret i Sel, der den vidaregåande skulen fekk leve vidare - då vgs i Lom vart vedteken nedlagt sist haust - saman med ei rekke andre skular og skulestader i Innlandet.
Men, attende til planane om ein ny, privat vidaregåande skule i Lom: Både Hanna, som nok er den største eldsjela for skulen og kommunelegen i Skjåk, Sondre Bøye, har gått i bresjen heilt sidan ideen vart fødd.
Med flagget utanfor skulen på halv stong - og berre timar sidan nedleggingsvedtaket i fylkestinget - sa ho til VG i slutten av oktober:
– Folk er forbanna no. Folk fra heile Norge ringer oss og ytrar sitt engasjement for at Lom skal bestå og har meld seg til teneste! Faktisk berre i dag har to investorar ringt og sagt at privatskule vil vi bidra til, for Lom og Skjåk har livets rett.
Det skulle bli fleire enn to investorar. Ei heil rekkje med engasjerte folk, innbyggarar i Ottadalen, verksemder, utflyttarar og innflyttarar har punga ut.
I tillegg har rektoren på den nedlagte skulen, Tor Olav Mundal - takka ja til jobben som rektor på den private skulen. Og nok lærarar er klare for å starte på den nye skulen - dei fleste frå den snart nelagte skulen.
– No har vi fått pengegåver, tilsagn eller garantiar på tilsaman 55 millionar kroner. Det held til drift i nesten tre skuleår framover. Med skulelokale, lønsutgifter, materiell, gratis læremidlar og husleige, summerar Skjåkødegård.
Etter tre år er håpet at skulen har fått offentleg godkjenning som privatskule eller friskule. Dersom dette blir blokkert politisk, vil det bli henta inn kapital for vidare drift av privatistskulen.
Fekk tomt i Skjåk
– No flyttar du heim frå Bergen med heile familien?
– Ja, det kjennest heilt rett å flytte heim no. Dette er jo eit samfunn som
verkeleg har blomstra, svarar ho som er tobarnsmor. Ho og ektemannen frå Lom fekk tomt i heimbygda Skjåk i bryllaupsgåve frå Hanna sine foreldre.
– Då blir det til Skjåk og ikkje Lom?
– Då snakkar vi Skjåk, ja. Mannen min er frå Lom, og vi håpar no på snarleg kommunesamanslåing slik at begge kan få bu i favorittbygda si, svarar Hanna med glimt i auget.
Eit kvarters køyring frå Skjåk sentrum har Reodor Bruland Langøygard (13) teke påskeferie. Han skal til Bjorli og køyre beltestol.
Når han er ferdig med ungdomsskulen om fire år, håpar han og mamma Ragnhild verkeleg at Jotunheimen privatistskule framleis er i drift.
– Det betyr jo at han Reodor kan få eit fullverdig vidaregåande-løp i lag med andre elevar. Og at han ikkje blir isolert på ein nettbasert heimeskule, slik Innlandet fylkeskommune legg opp til, seier Ragnhild Langøygard (44) til VG.
Blir det ikkje vidaregåande skule i nabobygda Lom, så blir det ikkje att ungdomar her, åtvarar Ragnhild, som driv tannklinikk i nettopp Lom.
– Eg ser særs svart på det dersom han Reodor må halde seg heime med nettskule. Han er jo ein sosial fyr, og det er på skulen han har sin viktigaste sosiale arena, seier Langøygard til VG.
Ho er svært imponert over Hanna Skjåkødegård og dei andre som har drege i gong Jotunheimen privatistskule.
Kva synest du om at lokalmiljø går saman om privat vidaregåande - etter at politikarane på demokratisk vis har lagt ned den offentlege vgs?aDet støttar eg. Det vitnar om handlekraft og vilje til å oppretthalde ein viktig institusjon for framtida.bDet er eg mot. Politikarane har bestemt dette på grunn av synkande elevtal og behov for færre vgs. i framtida.cDette kan eg for lite om til å ha noko meining.– Eg er kjempeglad for den jobben dei har gjort. Det er ikkje berre-berre å sanke inn 55 millionar og starte opp ein skule, minner Ragnhild om.
Ein skuleskyss på to timar kvar veg frå heimen vest i Skjåk til vgs på Otta er utelukka. Reodor med sin kropp og ei vond hofte, ville ikkje ha klart det.
– Fylkeskommunen har jo eit ansvar for elevar med spesielle behov. Eg meiner dei bør kjenne si besøkelsestid og kjøpe plassar, avsluttar Ragnhild.
Ho synest det er imponerande at Jotunheimen privatistskule har teke høgde for eit tilbod til elevar med spesielle behov i si drift. Førebels utan offentleg støtte.