NRK avdekka i fjor at arbeidarar på store norske anleggsplassar blei utsette for store mengder kreftframkallande steinstøv – utan at det blir gjort nok for å sikra dei.
I 2024, etter NRK sine artiklar, har Arbeidstilsynet gjennomført ein større kampanje retta mot kvartsstøv i bygg- og anleggsbransjen.
Resultat er nedslåande: Av nesten hundre besøkte bedrifter bryt 48 prosent lova. Halvparten klarer ikkje å beskytte sine eigne tilsette mot helseskadeleg steinstøv.
– Dette talet er alt for høgt når me veit kor farleg eksponering er over tid, seier seksjonsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet.
Får yrkesskadeerstatning
Som NRK dokumenterte i fjor, er helsefarleg steinstøv eit stort problem på norske byggeplassar.
Det fine støvet kan føre til alvorlege sjukdommar som lungeskadar, kreft og i verste fall død.
Helge Haukeland er éin av dei som har fått merke konsekvensane. Etter fleire tiår i støvete og helseskadelege arbeidsforhold fekk han diagnosen lungefibrose, ein alvorleg sjukdom som har gitt han tungpust og redusert kapasitet.
– Eg ønskjer ikkje at nokon skal oppleva dette, sa Helge til NRK i fjor.
– Ei anerkjenning
No har Nav godkjent sjukdommen hans som yrkesskade. Han har også blitt tilkjent meinerstatning.
– Erstatninga betyr ei anerkjenning for eit langt yrkesliv der ein ikkje var klar over kva skade ein kunne pådra seg. Då ein forstod det, var det for seint.
I mange år jobba han for Statens vegvesen, og seinare Mesta, før han måtte gå over til kontorarbeid.
Ifølge papir NRK har lese fekk anleggsmannen aldri undersøkt lungene hos bedriftshelsetenesta før i 2005.
Då hadde han slite med vedvarande dårleg helse utover 1990-talet.
Først i 2020 fekk han påvist lungefibrose.
Pengane han no får utbetalt er likevel ein fattig trøyst for den reduserte livskvaliteten dei skadde lungene har påført han.
– Ein skulle jo ha bytt vekk mange gongar dei eventuelle kronene ein får i erstatning her mot eit normalt familieliv og arbeidsliv.
– Uakseptabelt
Arbeidsministeren er klokkarklar etter å ha lese tala frå den ferske tilsynsrunden:
– Dette er heilt uakseptabelt. Den einaste gode nyheita er at Arbeidstilsynet har avdekt dette og kan pålegge sanksjonar for dei brota dei har funne, seier arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).
Sjølv om Arbeidstilsynet no vil utvide tilsynsperioden og vurdere fleire tiltak, har dei hittil ikkje pålagt lovbrotsgebyr for dei grove brota.
Brenna meiner Arbeidstilsynet må ta i bruk heile verktøykassa si for å vera tydelege i reaksjonen mot verksemder som ikkje følgjer reglane.
– Eg forventar at Arbeidstilsynet brukar alle verkemiddel for å få slutt på slike brot, seier Brenna, som legg til at ho også har direkte kontakt med Arbeidstilsynet.
– Dei seier dei har ein strengare sanksjonsbruk i dag, så eg forventar at Arbeidstilsynet følgjer dette tydeleg opp.
MEF: – Bekymringsfulle tal
– Tala frå Arbeidstilsynet er svært bekymringsfulle. Det å jobba i anleggsbransjen skal vera trygt, og forhold som kan føre til helseskadar må unngåast, fastslår Julie Brodtkorb, administrerande direktør i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).
MEF, som representerer over 2400 bedrifter, jobbar aktivt med å løyse støvproblemet. Brodtkorb viser til tiltak som ein rettleiar for byggherrar og auka informasjon til medlemmane.
– På landets største konferanse for anleggsbransjen i januar, vil me ha spesifikke innlegg om støvproblematikken og tiltak.
Ho understrekar at byggherrar må ta HMS-tiltak med i prissetjinga av prosjekt.
– Lovbrotsgebyr bør brukast ved alvorlege avvik for å sikra tryggleiken. Samstundes er det viktig at byggherrane stiller krav, slik at entreprenørane ikkje konkurrerer på kostnad av tryggleik.
Publisert 27.12.2024, kl. 21.15