Mange kvinner synest dette valet er vanskeleg:
Skal ein ta antidepressiv for si eiga psykiske helse når ein er gravid, eller skal ein la vere for å eventuelt skåne eit ufødd barn?
I ein ny studie har forskarar ved Universitetet i Oslo og Akershus universitetssjukehus undersøkt kva medisinar mot depresjon kan ha å seie for eit foster.
– Mange kvinner som blir gravide og bruker medisinar for ein eller annan tilstand, kan ha bekymringar om det har effektar på det utviklande fosteret. Det seier forskar og professor Soili Marianne Lehto til NRK.
Ho meiner dette gjeld spesielt for dei som bruker medisinar for psykiske problem.
Og ifølge resultata, handlar det først og fremst om kor mykje av legemiddelet ein bruker.
Valde å slutte
Joanna Hypszer er 37 år og bur i Oslo. Ho har to barn. Ho fekk diagnosen depresjon og angst året etter at hennar første barn blei fødd.
Ho fortel at depresjonen utvikla seg sakte, og mest sannsynleg starta det før ho blei gravid.
Lenge fortalde ho seg sjølv at ting ville bli betre etter kvart.
Slik blei det ikkje. Ho fekk skrive ut antidepressiv av legen, men var likevel skeptisk.
– Heldigvis hadde eg ein venn som var veldig open om sin eigen depresjon og bruk av antidepressiv. Han overtydde meg om å begynne på dei.
Da ho ville bli gravid på nytt, i 2022, leita ho etter informasjon om slike legemiddel og graviditet. Det vesle ho fann, gjorde henne usikker.
– Så for å vere på den sikre sida, slutta eg.
Høg dose – høgare risiko?
I den nye studien såg forskarane på ein bestemt type antidepressiv, kalla SSRI. Det er den mest brukte i Noreg, også blant gravide.
Studien samanlikna 553 mødrer som brukte SSRI i svangerskapet med 2765 mødrer som ikkje gjekk på medisinar. Dei to gruppene hadde deltakarar som matcha på depresjon, psykiatriske diagnosar og alder.
Rundt 90.000 kvinner i alderen 20–44 år hadde resept på antidepressiv i Noreg i 2024.
Det nye med denne studien var at forskarane analyserte ulike dosar, varigheit og bruksmønster blant mødrene. Dei såg på fire ulike kategoriar av bruk, frå låg til høg dose.
Resultata viste at bruk av standard dose gjennom svangerskapet, verka trygt. Mens høge dosar over lang tid var knytte til høgare risiko.
Då kunne forskarane sjå at morkaka var større i forhold til fødselsvekt, noko som kan tyde på at fosteret ikkje har fått optimal næring i løpet av svangerskapet.
I denne gruppa hadde babyen også høgare risiko for å bli innlagd på intensivavdelinga.
Soili Marianne Lehto og Guro Bernhardsen står begge bak den nye studien.
Foto: AhusEin stor risiko
Også amerikanske forskarar har nyleg publisert ein studie på temaet.
Dei såg på kva det å kutte ned på, eller slutte med, antidepressiv under ein graviditet gjer med den psykiske helsa til mødrene.
Resultata viste at dei som slutta å ta slike medisinar, hadde nesten dobbelt så stor sjanse for å oppleve ei psykisk krise samanlikna med gravide som fortsette.
Graviditet kan nemleg forverre eksisterande depresjon, angst og andre psykiatriske lidingar. Ubehandla depresjon kan føre til sjølvmord, tidleg fødsel, preeklampsi og låg fødselsvekt, ifølge dei amerikanske forskarane.
– Dette arbeidet understrekar behovet for å ta gravide pasientar si psykiske helse på alvor, seier forskar Kelly B. Zafman i ei pressemelding.
Ho jobbar ved the Hospital of the University of Pennsylvania.
– Ekstremt viktig
Joanna Hypszer valde å slutte med antidepressiv før sitt andre svangerskap. Og for 37-åringen fekk det konsekvensar.
– Angsten kom tilbake fleire månader etter at eg fekk det andre barnet, så eg måtte begynne på antidepressiv igjen.
– Etterpå kjendest det som om hovudet mitt endeleg blei rolegare, og eg var omsider i stand til å nyte morsrolla.
Ho er glad for at dette er eit tema forskarane i Oslo ser nærare på.
– Eg synest det er ekstremt viktig at dette blir forska på. Kvinner blir ofte klandra og dømde for kva dei gjer under graviditeten, så det er viktig å ha data som viser at det er greitt å ta antidepressiv utan at det skader barnet.
– Vi ofrar mykje for barna våre, og av og til får det tragiske konsekvensar. Så det å fjerne stigmaet rundt medisinar kan bidra til å førebygge mykje elende for kvinner, seier Johanna Hypszer.
Publisert 24.02.2026, kl. 15.46
















English (US)