Den 20. desember kunne ein lese på fvn.no at Å Energi sannsynlegvis har garantert for delar av det statlege lånet til Morrow.
Leiinga i Å Energi er på sedvanleg vis ordknappe i sine kommentarar om verksemdas disposisjonar. No må ordførarane i eigarkommunane i Agder samle seg og krevje svar.
Nyheita om lånegarantien føyer seg inn eit mønster der Å Energi driv med hasardiøs gambling med eigarkommunanes og innbyggaranes pengar. Morrow er eit høgrisikoprosjekt som ligg utanfor Å Energi sin kjerneverksemd. Likevel har selskapet gått tungt inn. Dersom nyheita om lånegarantien stemmar, må eigarkommunane sette ned foten.
I eit innlegg på fvn.no den 20. september stilte eg nokre spørsmål til leiinga i Å Energi vedkommande selskapets utvikling og investeringar. Den 25. september kom tilbakemeldinga frå konsernsjef Steffen Syvertsen med eit svar som vel strengt tatt berre var ein vandring rundt grauten.
Den 30. september gjentok eg difor spørsmåla i eit innlegg på fvn.no. Eg har ennå ikkje fått svar.
Ein kan få inntrykk at leiinga i Å Energi helst ikkje ønskjer innblanding frå eigarane og allmennheita. Informasjon og innsyn i selskapets drift og prioriteringar er i alle fall på eit lite tillitsvekkande minimumsnivå. Dette til tross for at dei har ein kommunikasjonsavdeling som stadig veks og som burde vere meir en godt nok rusta til å løfte det til eit høgare nivå.
Eigarstrategien er det viktigaste styringsdokumentet for selskapet. No er det ny eigarstrategi under utarbeiding. Eigarane kan kome med innspel innan 1. mars. Det er eit høve for eigarkommunane til å seie tydeleg ifrå om dei verkeleg ønskjer at selskapet skal utvikle seg vidare i det sporet dei følgjer no.
Frå mitt synspunkt bør tilbakemeldinga vere tydeleg: Selskapet skal halde seg til kjerneverksemda og i staden for høgrisikoinvesteringar bør verdiskapinga i selskapet kome fellesskapet til gode gjennom økt utbytte til eigarkommunane.
Kritisk til Å Energi
Åpen
Ber om konkrete svar frå Å Energi
Åpen