– Skulevegring er det vel ein kallar det, men eg var skulelei allereie tidleg på ungdomsskulen.
Slik beskriv 21-år gamle Ole Mathias Brænde frå Volda skuletida. Han slutta tidleg på skulen, og fall med det utanfor arbeidslivet. Det gjorde at han tydde til gaming, fordi det var lett tilgjengeleg.
– Når eg ser tilbake att på den tida, så er det betrakteleg betre no. No føler eg at eg har struktur i kvardagen og at eg har noko å gjere.
Gjennom spel som Fifa og Counter Strike, tileigna Ole Mathias seg eigenskapar som kan vere nyttige i arbeidslivet.
Då Ole Mathias var skulelei, gjekk mykje av tida til gaming.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKOle Mathias bekymra seg mykje for kva veg han skulle gå i arbeidslivet.
Lite visste han at nettopp gaminga gjorde at han skulle få plass på kurset «Kodehode», som skal hjelpe unge som har falle utanfor arbeidslivet, til å bli utviklarar.
– Vår erfaring er at dei er veldig flinke med teknologi, og det dreg vi nytte av her. Dei lærer programmering ekstremt fort.
Det seier John-Arne Lillebø, som er kursleiar i Jobloop, som står bak Kodehode.
John-Arne Lillebø
Kursleiar i Jobloop, som står bak Kodehode.
Gjennom seks månadar med eit intensivt kurs, lærer deltakarane grunnleggande programmering.
Lillebø ser det som eit viktig samfunnsoppdrag å hjelpe dei som har falle utanfor tilbake i jobb.
– Vi sparar samfunnet for mykje pengar når vi får folk som har falle utanfor arbeidslivet, inn att.
Ole Mathias Brænde var skulelei allereie på ungdomsskulen.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKMange utanfor arbeidslivet
Ole Mathias Brænde er ikkje åleine om å ha stått utanfor arbeidslivet.
Ved utgangen av 2024 var det 114.000 personar mellom 20 og 29 år som ikkje hadde arbeid.
Erlend Walseth er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, og har forska på effekten av dette kurset.
Der kjem det fram at dei fleste av dei som har falle utanfor, kjenner på glede av å vere til nytte og ønsker å gi tilbake til samfunnet.
Erlend Walseth, førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag på Høgskulen i Volda.
– Noko av det som slår meg, er at dei lærer noko dei har trua på. I tillegg er dette kurset med på å jobbe med det sosiale og det relasjonelle, og ein får ei gruppe med likesinna.
Han seier at dette har mange kvalitetar utanom det faglege.
– Eg trur dette kurset appellerer til deira interesse og kompetanse, kombinert med at dette er noko dei kan jobbe med i framtida.
Fleire fekk fast jobb
Inger-Johanne Mørk er teamleiar i Jobloop. Ho forklarer at dei ikkje har tal som måler langtidseffekten av kurset, fordi dei slettar personopplysningane til deltakarane etter løpet er over.
Men av dei 150 personane over heile landet som tok kurset i fjor, gjennomførte nesten halvparten ein full praksisperiode.
Fleire har fått jobb etter kurset.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKAv dei som fullførte, fekk nesten 60 prosent fast jobb eller gjekk vidare til utdanning etterpå.
– Vi ser det som eit svært positivt utfall at fleire av våre kandidatar vel å gå vidare til høgare utdanning etter enda kurs, skriv Mørk i ein e-post.
Frå gaming til programmering
Ole Mathias fortel at han tidlegare har hatt interesse for koding, men at han ikkje skjønte korleis det fungerte.
No når han har tatt kurset, har han fått betre innsikt i dette, men fortel at det også har vore utfordrande til tider.
Kurset har ikkje berre vore positivt fordi ein lærer programmering, men det har også vore ein sosial møteplass.
Foto: Øyvind Sandnes/NRK– Det har vore tungt, fantastisk og kjempebra. Det som var tungt, var alt stoffet ein må gjennom på seks månadar. Ein lærer noko nytt kvar dag, det var mykje å gå gjennom.
Han fortel at kurset gav han meistringskjensle, og at det er kjekt når kodinga funkar som den skal.
No er Ole Mathias i gang med å få seg fast jobb, og jobbar med å byggje seg ein portefølje for framtida.
– Eg føler at eg gir meining i samfunnet. No føler eg at eg bidreg meir.
Publisert 10.02.2026, kl. 10.25








English (US)