Frp ber om uavhengig gransking i Epstein-saka

1 hour ago 2



Framstegspartiet har sendt brev til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) der dei ber om ei uavhengig gransking av utanrikstenesta og Epstein-saka, skriv dei i ei pressemelding.

I dei siste Epstein-dokumenta som er frigjeve av justisdepartementet i USA er sentrale personar innan norsk politikk og utanriksteneste nemnd fleire gongar.

– Informasjonen som er avdekt, reiser spørsmål om det er ein mogeleg ukultur knytt til politiske, personlege, administrative og økonomiske bindingar, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Ho ber regjeringa stadfeste innan ei veke at dei vil sette ned eit uavhengig granskingsutval, elles vil Frp fremje forslag om det på Stortinget.

Read Entire Article