Friluftslivet reddar ikkje villreinen og naturmangfaldet

1 month ago 19



Vi må revaluere verdiane våre og tilnærmingane våre til natur. Det skriver Bjarte Hestdalen (bildet). Foto: Privat

For at allemannsretten skal leva, må bevaring av naturmangfaldet og villreinen vera premiss, ikkje kulisse.

Publisert: 14.08.2024 22:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Vi må utfordre reiselivets historie og Den norske turistforenings (DNT) rolle.

Mange uroar seg for villreinens framtid og ser behov for umiddelbare tiltak. Fagmiljøa etterlyser ein ny politisk kurs. Men DNT og NHO Reiseliv dysser ned konflikten med norsk natur og villreinen.

Friluftsparadokset

DNT påstår at deira aktivitet og informasjon bevarer naturen, men dette er paradoksalt.

Deira infrastruktur legg jo nettopp til rette for stor menneskeleg aktivitet i sårbare område.

Høgt servicenivå og forbruk, heftig reklamering og tilgjengeleggjering av naturen aukar presset på dei sårbare økosystema vi søker å verne.

DNTs rolle

DNT har stor påverking på korleis friluftslivet blir utøvd og formar følgjeleg oppfatninga av korleis naturen skal nyttast og vernast. Reklame påverkar talet på besøkande, kven som kjem og deira åtferd.

DNT er ein kommersiell aktør som sel allemannsretten på lik line med andre reiselivsaktørar

DNT mottar store statlege subsidiar, og reiselivet nyt godt av fellesskapets naturskattar. Med desse ressursane bør det følgje eit ansvar. Men samanlikna med omfanget av turar DNT legg til rette for, er viljen til å vise omsyn til villreinen påfallande liten. Reiselivets belastning på villreinområda er altfor stor.

DNT er ein kommersiell aktør som sel allemannsretten på lik line med andre reiselivsaktørar. Sterk marknadsføring og nettsida Ut.no lokkar folk til nye stader.

DNT har ikkje noko juridisk ansvar for ferdselen i sti- og løypenettet deira. Dei kunne innført fleire naturbevarande strategiar. Å stenge hytter er eit av fleire nødvendige tiltak for å beskytte den raudlista villreinen.

Økologi versus økonomi

Økonomiske interesser står ofte i konflikt med økologiske behov. Ikkje å ta grep er å undervurdere villreinens framtidige verdi. Å ignorere miljøpåverknadar vil på sikt føre til redusert turistattraktivitet og auka kostnader for restaurering av økosystem.

Vi må utforske alternative modellar for friluftsliv

DNT og andre aktørar bør tilpasse seg og ikkje berre oppretthalde status quo under dekke av «vern gjennom bruk».

Fleire vil koma til Noreg for å oppleva eksklusiv natur. Berre i år har DNT hatt 10 prosent auke i utanlandske medlemskap. For at allemannsretten skal leva, må bevaring av naturmangfaldet og villreinen vera premiss, ikkje kulisse.

Vi må utforske alternative modellar for friluftsliv som balanserer menneskeleg aktivitet med bevaring, der nedvekst er eit alternativ.

Ei berekraftig framtid for norsk villrein krev ein drastisk reduksjon av menneskeleg påverknad i leveområda deira. Om vi klarer å ta vare på villreinen, vernar vi samstundes mange andre artar og store økosystem. Dette krev ein innsats frå oss alle.

Eit verdival

Etikk og moral får liten plass i økonomiske reknestykke og reiselivets eigenevaluering i villreinområda. Likevel står vi overfor moralske dilemma med dagens arealbruk og overforbruk av natur.

Forbruket er eit brot på vår tradisjonelle binding til naturen og behov for harmoni, forståing og respekt for alt liv.

Vi må revaluere verdiane våre og tilnærmingane våre til natur. Vi må ta vare på det vi allereie har, for å skape verdiar for framtida.

Read Entire Article