Frifunnen for valdtekt i gapestokk

1 month ago 19



Han er framleis dømt for valdtekt av den andre kvinna, men straffa er no redusert frå ni år til fire år og to månader i fengsel.

Eit nytt videoopptak gjer at lagmannsretten meiner det er tilstrekkeleg tvil om det var valdtekt av sambuaren.

Sambuaren var fastlåst til ein gapestokk ved dei tre høva mannen no er frifunnen for.

Det var Adresseavisen som omtalte frifinninga først.

Meiner han ikkje er skuldig i valdtekt

Heilt sidan han vart arrestert og varetektsfengsla i april i fjor, har tiltalte halde fast ved at han ikkje er skuldig i valdtekt.

Han la ikkje skjul på at han hadde eit aktivt seksualliv med fleire kvinner der det også vart praktisert BDSM-sex.

–Det var frivillig, men røff sex, sa sikta då han forklarte seg i fengslingsmøte i mai i fjor.

Det sentrale bevistemaet for lagmannsretten har vore om fornærma gav samtykke til BDSM-sex i form av eit avtalt stopp-ord.

Ordet var «raudt» ifølge mannen.

I lagmannsretten gjekk dommarane gjennom fleire videoar, men stopp-ordet blei aldri brukt.

Kvinnene meiner dei ikkje kjente til dette ordet.

Men lagmannsretten meiner det er tilstrekkeleg tvil om det er eit overgrep eller ein form for eit avtalt spill, står det i dommen.

Publisert 23.05.2024, kl. 16.11 Oppdatert 23.05.2024, kl. 16.30

Read Entire Article