Fredrik Holme Tombra blir ny Ukraina-korrespondent

3 days ago 14



Fredrik Holme Tombra er tilsett som NRKs nye Ukraina-korrespondent frå 2025, og kjem frå stillinga som journalist i NRKs sportsavdeling.

–Nærvær i felt er det viktigaste vi gjer for at vårt publikum skal forstå kva som skjer. Vi gler oss stort til å få Fredrik med på laget, seier utanriksredaktør i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Beit Hanoun.

Utanriksredaktør i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Foto: Privat

Tombra tar over etter Kari Skeie, som har hatt base i Kyiv sidan januar 2023.

– Eg ser fram til å flytte til Kyiv for å dekke Ukraina og krigens gang på nært hald. Målet mitt er å levere engasjerande og innsiktsfull journalistikk frå krigen, som framleis rasar og påverkar millionar av menneske kvar dag, seier Tombra.

Han tiltrer i stillinga i midten av februar.

– Eg ønsker å sette søkelyse på dei menneskelege lidingane, samtidig som det blir viktig å følge den politiske utviklinga internasjonalt, seier Tombra.

Den påtroppande Ukraina-korrespondenten har studert internasjonal journalistikk og russisk i Berlin og St. Petersburg.

Publisert 18.12.2024, kl. 09.43

Read Entire Article