Fredag må du halde på hatten om du ferdast i Bodø og omegn.
Frå fredag ettermiddag blir det meldt sterk kuling og opptil full storm.
Meteorologisk institutt melder at det kan bli vindkast i opptil 36 meter per sekund på fredag.
– Vi kjem nok til å sende ut eit farevarsel på vind, seier statsmeteorolog Karen Jarstø Ervik, som legg til at folk må ta forholdsreglar.