– Det er skikkeleg kjipt at Marte må dra, seier Isabell Herlovsen og tørkar nokre tårer.
Ho har akkurat slått Marte Olsbu Røiseland i nattesten. Dermed er den tidlegare skiskyttaren ute av Mesternes mester, som den andre deltakaren denne sesongen.
Racingprofil Ayla Ågren var fyrste deltakar ut.
TÅREVÅTT: Både Røiseland og Herlovsen blei tydeleg prega då det blei klart at skiskyttaren var ute av konkurransen.
Foto: Skjermdump / Nordisk Banijay/NRK– Eg synest eg rauk ut altfor tidleg, seier Marte Olsbu Røiseland. Ho legg ikkje skjul på skuffelsen når ho pratar med NRK.
Røiseland markerte seg tidleg i programmet. Etter ein sterk andreplass i den fyrste konkurransen, har ho vore med og kjempa om topplasseringane samanlagt.
Men i episode tre, der lagånd var tema, tok suksessen slutt.
– Det er jo skikkeleg bittert at eg ikkje fekk vore lenger i huset og lenger med gjengen, seier ho.
90-GRADEREN: Marte Olsbu Røiseland blei nummer to i den anerkjende 90-graderen, berre slått av Kristin Størmer Steira.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK– Bittert
I den nye episoden blei deltakarane delte inn i lag på tre, og dei bytte lag for kvar konkurranse. Med to andreplassar og ein sisteplass, enda sørlendingen nedst på samanlagtlista saman med romkamerat Isabell Herlovsen.
Røiseland legg ikkje skjul på at det var frustrerande å ikkje ha full kontroll over eigne resultat.
– Det var litt bittert at me ikkje fekk moglegheit til å få ei individuell øving på slutten der ein kunne henta seg inn att, men det er ein del av gamet det, seier ho likevel med glimt i auga.
HINDERBANE: Fyrste konkurranse var «Hinderbanen». Røiseland var på lag med Mushaga Bakenga og Jarl Magnus Riiber.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKVÆSKEBALANSE: Øving nummer to var «Væskebalanse». Her blei det kvite laget, med Røiseland, nummer tre.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKGAV ALT: Det kvite laget gav alt, men det heldt berre til tredjeplass.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKKVITT LAG: Røiseland i lag med Emil Lybekk og Daniel-André Tande.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKFLOKA: Tredje og siste øving i episoden.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKANDREPLASS: Det raude laget hamna på andreplass i den siste øvinga.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK
Produsent av programmet, Thor Arne Ulveraker, fortel at lagepisodane er blant dei mest populære episodane av Mesternes mester.
– Det er ein del av formatet at me også får oppleve deltakarar i samspel med kvarandre, forklarar han.
Han understrekar at sjølve utslaget ikkje er lagbasert.
– Det som avgjer om ein må reise heim er framleis nattesten, som er ei individuell øving.
JAMT: Det blei jamt om fyrsteplassen i den fyrste øvinga.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK– Skikkeleg sur
– Eg blei skikkeleg sur då eg ikkje fekk det til, og var skikkeleg lei med då eg rauk ut, seier Røiseland.
Ho og Herlovsen var det andre paret som fekk testa ut den splitter nye nattesten:
– Marte, som er vant til å skyte ned fem blinkar, eg trur ho har ganske bra fokus, sa Herlovsen i forkant av nattesten.
– Ho har kome inn på siste ståande så mange gonger og klart presset, dei eigenskapane må ho ta fram no, sa kommentator Jann Post.
Også Røiseland meinte ho skulle ha gode sjansar i nattesten.
– Eg var veldig roleg før eg skulle i nattest. Eg tenkte at det var ei fokusøving, seier ho og held fram:
– Den ballen, eg får ikkje heilt teken på korleis ein ball rullar. Eg har aldri drive med noko ballsport, og det skin jo veldig gjennom.
KJENSLELADD: Avskjeden med Mesternes mester vart ein kjensleladd seanse for både Røiseland og Herlovsen.
Foto: Skjermdump episode 3 / Nordisk Banijay/NRKBlant tidenes beste skiskyttarar
Røiseland har vore blant tidenes beste skiskyttarar. Ho blei mellom anna historisk, då ho under VM i Antholz i 2020, tok sju av sju medaljar.
Den tidlegare skiskyttarstjerna la opp i 2023. Ho står bokført med totalt 13 VM-gull, tre OL-gull og 17 verdscupsigrar.
LA OPP: Marte Olsbu Røiseland la opp i 2023. Bildet er frå fellesstarten i Holmenkollen i 2023.
Foto: Javad Parsa / NTBPublisert 09.01.2026, kl. 20.59











.jpg)






English (US)