Første krisesenter for dyr i Noreg: – Eit veldig viktig tiltak

4 days ago 21



Jula er høgtid, også for vald.

Det merker krisesentera rundt om i landet. Og det går også ut over dyra.

– I familiar der det blir utøvd vald, er jula ein vanskeleg tid der valden eskalerer, seier Vanja Sæther, leiar ved krisesenteret i Salten.

– Om ein må flykte til eit krisesenter i jula, er det viktig å vite at dyra også er trygge.

Likevel er det stort sett ikkje mogleg å ta med seg dyra når familien er i krise. Det går ut over både dyr og eigar, ifølge Dyrebeskyttelsen.

Men for første gong har dyra no fått sitt eiget krisesenter i Noreg.

– I dag utsett mange å få hjelp fordi dyra ikkje får vere med på krisesenter. Det synest vi er tragisk, seier Melanie Merz, leiar for det nye senteret.

For at folk kan senke skuldrene

Melanie Merz viser stolt fram heimesnikra bur til alt frå kattar, til ilder, marsvin og hund.

– Alt av byggemateriale de ser har vi fått i donasjonar frå lokale butikkar, fortel ho.

En dame med brunt hår med pannelugg og hestehale, lange øredobber, store briller, grønn strikket bluse og svart jakke peker og forklarer foran et trebur i et furukledd rom.

Melanie Merz viser fram områda dei ulike dyra skal få bu på i det nye krisesenteret for dyr.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Dei ulike dyra har sine eigne område der alt er lagt til rette for at dei skal ha det best mogleg i sine nye midlertidige heim, medan eigarane er på krisesenter.

Allereie kan eigarar frå heile landet nytte tilbodet. Merz meiner dette tilbodet er sårt trunge.

En dame med brunt hår med pannelugg, lange øredobber, store briller, grønn strikket bluse og svart jakke står på et lagerrom og smiler til kamera.

Melanie Merz er styreleiar i Stiftelsen Salus, som har opna omsorgssenteret for familiedyr. – For nokre år sidan blei vi merksam på at det ikkje er nok tilbod til dei som er utsett for vald og seksuelle overgrep, som eig dyr, fortel Merz.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Dei fleste krisesentera for menneske løyver nemleg ikkje at ein tar med seg dyra sine.

– Dette skal vere eit tilbod for at folk kan senke skuldrene og ta imot hjelpa dei sjølv treng.

Korleis dei løyser til dømes transport for kvart enkelt dyr, seier Merz at dei tar med kvar enkelt eigar.

Dyrebeskyttelsen: Særleg viktig for eigar

Åshild Roaldset, dagleg leiar for Dyrebeskyttelsen Noreg, seier det er viktig å trygge dyra under familievaldsproblematikk.

– Kvifor er det så viktig?

Åshild Roaldset, daglig leder i Dyrebeskyttelsen Norge

Åshild Roaldset, dagleg leder i Dyrebeskyttelsen seier at særleg barn er utsett for psykisk vald om dyra deira ikkje er trygge medan dei er på krisesenter.

Foto: Håkon Sparre / NMBU

– Det er viktig for dyrevelferda, men også fordi vald og truslar om vald får fortsette mot dei valdsutsette på krisesenter om dyret er med valdsutøvar, seier Roaldset og legg til:

– Då fortset den psykiske valden, og valdsutøvar har makt over situasjonen. Ein får ikkje stansa valden i nære situasjonar, om ein ikkje stoppar valden mot dyra.

En dame med brunt hår med pannelugg, lange øredobber, store briller, grønn strikket bluse og svart jakke snakker med en mann rundt et spisebord. På bordet står kaffekanne, kaffekopper og klementiner.

Melanie Merz, styreleiar i Stiftelsen Salus, fortel politi og krisesenter i distriktet om det nye senteret og kva dei kan tilby.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

David Persson, president i Den norske Veterinærforening, fortel at dyra kan bli skadd både fysisk og psykisk.

– Det kan føre til store skader på dyret. I verste fall med dødeleg utfall, seier han.

Ifølge lovverket er dyr rekna som gjenstandar. Det gjer at dei har hatt få rettar.

En mann med lyst hår og briller står på en balkong i lys dress og lyseblå skjorte. I bakgrunn synes eler av Oslofjorden en sommerdag.

David Persson, president i Den norske Veterinærforening. seier senteret kjem til å hjelpe mange i ein sårbar situasjon.– Det å vite at kjeledyra blir tatt vare på er veldig positivt for alle involverte.

Foto: Frauke Becher / Den norske veterinærforening

Til no har Dyrebeskyttelsen sine 25 avdelingar rundt om i landet hatt nokon fosterheim til dyr. I tillegg er det nokon krisesenter, som til dømes i Agder, der ein kan ta med dyr.

– Det blir handtert veldig ulikt forskjellige stader. Eg trur dei som jobbar på krisesentera er veldig klar over problematikken, seier Roaldsen.

– Ein stor belastning å forlate dyra heime

Det kan Wanja Sæther, leiar ved krisesenteret i Salten, skrive under på.

Om lag 2200 menneske nyttar seg no av krisesenter. Fleire av dei eig dyr.

Sæther fortel at i dei familiane der det blir utøvd vald, og det bur kjæledyr, er det stor sannsyn for at også kjæledyra opplever vald.

– Det er ein samanheng mellom vald mot menneske og vald mot dyr.

Et rom med flere trebur med post-it-lapper på.

Slik skal dyra få bu i det splitter nye krisesenteret for dyr som har opna i Nordland.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Til no har ein stort sett løyst dette med hjelp frå kennel eller Dyrebeskyttelsen. Men då får ikkje brukarane på krisesenteret ha kontakt med dyra.

– Det er heilt klart naudsynt med eit koordinert større tilbod til dyr som skal bli varetatt på krisesenteret for dyra.

Men over heile landet blir krisesenter for menneske lagt ned.

En dame med brunt, kort hår, øredobber og blå genser står foran flere bur laget av tre.

Vanja Sæther, leiar ved krisesenteret i Salten, fortel at mange som treng hjelp vel å ikkje oppsøke det, fordi dei ikkje veit kva dei skal gjere med dyra sine.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Kvifor er det då rett å bruke pengar på krisesenter for dyr?

Mange vel å ikkje dra til krisesentera fordi dei er redd for kva som skjer med dyra.

– Det kan vere ei stor belastning å forlate dyr heime hos valdsutøvar, seier Sæther.

Politiet: – Kan løyse det umiddelbare problemet

Krisesentera har fleire eksempel på at valden faktisk rammar dyra når eigarane har flykta.

Også politiet kan stadfeste at tiltaket er naudsynt.

En mann med skjegg, politiuniform og politilue står foran et politihus. Det er snø på bakken.

Dyrepoliti i Nordland, Atle Rokkan, seier at det er stort behov for et krisesenter for dyr i distriktet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg ser at det er potensial i rask bistand for dei som er i ein situasjon der dei ikkje kan ha dyret sitt, seier Atle Rokkan som jobbar som dyrepoliti i Nordland.

Politiet har ein god del saker om vald mot dyr, og dårleg dyrevelferd. Etter at fleire politidistrikt fekk stillinga dyrepoliti, seier Rokkan at det har fått meir merksemd i samfunnet.

En tom hundeseng i tre med en stripete, lysegrønn pute

Krisesenteret opna 1. desember i år for fuglar, gnagarar og katter. I mars opnar krisesenteret også for hund som treng litt meir oppfølging og omsorg.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Han vil gjerne bidra med å informere om tilbodet og få folk til å nytte det når dei er i ein situasjon der dei ikkje kan passe dyret sjølv.

– Om dette fungerer, ser eg mange situasjonar der ein kan løyse det umiddelbare problemet.

Skal oppdage valden tidleg

I tillegg til aukande medvit i samfunnet, er det no òg aukande medvit om tema hos fagfolka.

Roaldsen i Dyrebeskyttelsen i jobbar no i eit prosjektet saman med Krisesentersekretæriatet og forskarar frå Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskulen.

– Slik kan ein oppdage tilfelle der personen, dyret eller begge deler er utsett for vald.

Flere hundebånd henger på kroker ved en furukledd vegg.

Frå mars vil også pasientar på sjukehus få moglegheit til å plassere sine dyr på krisesenteret.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Håpet er at instansane skal samarbeide om å si ifrå til kvarandre, til dømes om veterinærane får inn eit skadd dyr kan dei melde frå om at familien kanskje ikkje har det så bra.

– Kunnskapsdeling og å samarbeide på tvers av institusjonar som forsøker å hjelpe menneske og dyr er nøkkelen, seier Persson i Den norske veterinærforeining.

Publisert 20.12.2024, kl. 05.49

Read Entire Article