Forskaren mista jobben fordi ho mista synet: – Heilt galskap

1 hour ago 1



– Dei har aldri hatt meg tilsett fordi eg var så veldig god til å sjå, seier Birgit Risholt (54) oppgitt.

– Det er jo ikkje synet mitt, men det som går føre seg oppi hovudet som er viktig. Og det fungerer jo like godt no som før.

Likevel har ho nyleg blitt 100 prosent ufør etter 25 år som tilsett ved Sintef i Trondheim og med erfaring frå å leie både nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.

Det skuldast at arbeidsgivaren sine IT-system ikkje er tilrettelagd for blinde og svaksynte.

Det er det heller ikkje noko lovkrav om.

– Det er det som er heilt surrealistisk. Det er krav om universell utforming av det meste i samfunnet, men ikkje IT-system på jobb, seier Risholt.

– At arbeidslivet er unntatt denne plikta, det er heilt galskap.

Birgit Risholt sammen med førerhunden Fox

– Eg er glad i å strikke, men eg tok ikkje ein doktorgrad for å sitte heime å strikke, seier Risholt som meiner ho kunne ha arbeida i 10–15 år til.

Foto: Qader Faraji / NRK

– Fortvilande situasjon

Risholt lid av ein augesjukdom som gjer at ho gradvis har mista synet.

– Eg har nok sett dårleg lenge, men eg blei klar over det i 2016.

Sidan den gong har synet blitt gradvis dårlegare og no ser ho nesten ikkje i det heile tatt lenger. Men seniorforskaren klarte likevel lenge å stå i jobben.

Ved hjelp av ein skjermlesar – eit program som les tekst på skjermen høgt – og auga der skjermlesaren ikkje fungerte, kunne ho arbeide vidare.

– Skjermlesaren fungerer heilt fint med standard programvare som Outlook og Word. Så eg er eigentleg ein vanleg databrukar, like kjapp som før.

En kvinne som sitter ved et bord med en laptop og et vindu

– Eg føler at eg personleg må ta rekninga for at arbeidsgivaren min ikkje har gode nok IT-system.

Foto: Qader Faraji / NRk

Sintef sine IT-system kan derimot ikkje brukast med skjermlesar. Dei er nemleg ikkje universelt utforma.

– Eg kan jo bruke alt av nettsider og ChatGPT. Dei er jo universelt utforma.

Når ho derimot skulle inn i Sintef sine system for økonomistyring, prosjekt- og kvalitetsstyring og liknande, kom problema.

– Det er da det ramlar saman. Dei systema er ikkje kompatible med hjelpe-programvara som eg har på min PC.

Risholt fortel at Sintef har forsøkt å legge til rette for henne ved at ho i sju år har arbeidd i 50 prosent stilling.

Den siste tida har ho også fått meir ansvar for prosjektleiing og arbeid med yngre forskarar.

– Dei har strekt seg så langt som dei følte at dei kunne.

– Men når eg no ikkje klarar å bruke datasystema deira lenger, da blei det stopp. Så det er ein fortvilande situasjon.

en person som holder en telefon

Mobiltelefonen styrer Risholt med stemma.

Foto: Qader Faraji / NRK

– Sløsing med ressursar

– For det første er det ein personleg tragedie at det skjer, seier Terje André Olsen, leiar i Noregs blindeforbund om situasjonen Risholt står i.

– Også ser vi jo at det samstundes blir ei samfunnsmessig sløsing med ressursar.

Olsen peiker på at det for andre system er lovpålagde krav om at dei skal vere universelt utforma og skal kunne brukast av blinde og svaksynte.

Slik er det ikkje for IT-system på jobben.

– Det som trengst er at ein seier at IT-system på arbeidsplassen også er omfatta av disse lovkrava, for da begynner også produsentane å lage slik programvare.

Terje André Olsen

Leiar i blindeforbundet, Terje André Olsen, håpar Stortinget utvidar kravet om universell utforming til også gjelde IT-system i arbeidslivet.

Foto: Blindeforbundet

Olsen fortel at Blindeforbundet har gjort undersøkingar som viser at nesten ein tredjedel av synshemma i arbeidslivet har måtta bytte jobb eller slutte på grunn av IT-system som ikkje er tilpassa.

– Det er alt for mange. Samstundes veit vi at det er mange som står utanfor arbeidslivet og synest det er vanskeleg å komme inn igjen.

– Også veit vi at det er behov for arbeidskraft i dette landet. Da er det viktig at vi legg til rette for at flest mogleg får jobbe.

Han viser til at Oslo Economics på oppdrag frå Bufdir kom med ein rapport for eit år sidan. Den viste at krav om universell utforming av IKT-system på arbeidsplassen vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt.

– Men sidan har det ikkje skjedd noko.

– Eg håpar jo at nokon ser alvoret i dette og sørger for å få fremma det naudsynte forslaget for Stortinget. For dette trur eg er ting som det er stor einigheit om politisk for å få til.

Gjort så mykje vi kan på eigen kjøl

Birgit er ein dyktig og god kollega, men vi kan ikkje gå inn på hennar personlege forhold, seier Gunn Jorun Widding, konserndirektør i Sintef.

Ho seier dei legg til rette for at medarbeidarar med ulike funksjonsvariasjonar får brukt sin kompetanse og erfaring.

– Men vi ser dessverre at vi ikkje aleine har kraft til å påverke våre IT-leverandørar til å tilrettelegge standardsystema vi bruker fullt ut for synshemma.

Gunn Jorun Widding i Sintef

Gunn Jorun Widding fortel at Sintef ikkje klarar å fullt ut legge til rette for at synshemma kan bruke IT-systema deira.

Foto: Qader Faraji / NRK

Widding fortel at Sintef gjennom saka med Risholt har blitt meir merksam på utfordringane synshemma har rundt digitale verktøy.

Vi har gjort så mykje vi kan på eigen kjøl, og vi har undersøkt korleis våre største systemleverandørar legg til rette for universell utforming.

– Vi ønsker å vurdere om det er endringar vi kan gjere i våre rutinar for nyskaffingar av digitale verktøy med tanke på universell utforming, som samstundes er gjennomførbart for oss.

Publisert 25.11.2025, kl. 13.59

Read Entire Article