Forferda etter OL-skandale: – Usmakeleg

1 month ago 24



– Det er ein litt usmakeleg kommentar som ikkje høyrer heime.

Det seier den norske svømmeprofilen Henrik Christiansen til NRK etter å ha vore i aksjon i OL-vatnet i Paris måndag.

Henrik Christiansen

SVØMMEPROFIL: Henrik Christiansen.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Kommentaren han siktar til kom frå ein internasjonal Eurosport-kommentator etter 4 x 100 meter fri i OL på laurdag, der australske Shayna Jack, Mollie O'Callaghan, Emma McKeon og Meg Harris hadde tatt gull.

«Damene held på å gjere seg klare. De veit korleis det er ... dei heng rundt og sminkar seg», sa kommentatoren.

Sjølv ekspertkommentatoren ved hans side reagerte omgåande og kalla det «opprørande».

Eurosport sjølv brukte ikkje lang tid på å ta kommentatoren av skjermen og kasta han ut av OL.

– Under ein av våre sendingar laurdag kveld kom kommentatoren med ein upassande kommentar. Derfor er han nå fjerna frå gruppa vår av kommentatorar med direkte verknad, skreiv Eurosport i ei fråsegn.

Australske Mollie O'Callaghan, Shayna Jack, Emma Mckeon og Meg Harris tok gull på 4 x 100 meter fri i Paris

OL-GULL: Australske Mollie O'Callaghan (frå venstre), Shayna Jack, Emma McKeon og Meg Harris med gullmedaljen.

Foto: Ueslei Marcelino / Reuters

– Han måtte bort

NRK har snakka med fleire svømmarar som har vore i aksjon i det franske OL-bassenget, og mange av dei har ingenting til overs for sminke-kommentaren.

– Forhåpentleg var det ikkje det han meinte. Eg håpar det var ein feil eller misforståing, seier franske Béryl Gastaldello.

– Han blei seinare kasta ut av Eurosport. Synest du det var ei rett avgjerd av Eurosport?

– Viss det var det som skjedde og dei meiner at han meinte det han sa, så er det definitivt fortent. Ja, han måtte bort, seier Gastaldello.

Béryl Gastaldello

REAGERER: Franske Béryl Gastaldello.

Foto: Andreea Alexandru / AP

Kanadiske Kylie Masse, som tok OL-sølv på 200 meter rygg i Tokyo og bronse på 100 meter rygg i Rio, meiner kommentatorar ikkje bør seie noko om kva som skjer utanfor idrettsarenaen.

– Dei burde kommentere på det vi gjer i vatnet og korleis vi utfører konkurransen, seier Masse.

– Det er ikkje greitt å komme med sånne kommentarar når du er sportskommentator. Da må du halde deg profesjonell. Alle er her for å gjere sitt beste. Det er det det handlar om, seier den norske OL-svømmaren Jon Jøntvedt.

– Når ein sit i den jobben skal ein ikkje vere for kontroversiell. Alle har sine meiningar på ein måte, men i ein sånn setting høyrer ikkje det her heime, seier Christiansen.

Jon Jøntvedt og Henrik Christiansen etter kvalifisering på 800 meter fri i OL.

NORSK OL-DUO: Jon Jøntvedt (til venstre) og Henrik Christiansen blei nummer 24 og 25 i kvalifiseringa på 800 meter måndag fri og tok seg ikkje vidare til OL-finalen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Han er ein dum person

Gastaldello er òg klar på at kommentatorar bør fokusere på idrettsprestasjonane, og ikkje korleis ein ser ut fysisk, kva språk ein snakkar eller kor mange kilo ein veg.

– Folk må forstå at vi alle er same rase. Vi er alle menneske. Om du er kvinne eller mann eller noko midt imellom, kven bryr seg? Det er viktig at folk forstår at vi er i det 21. hundreåret. Vi må vekse opp, seier Gastaldello.

– Synest du er barnsleg å komme med ein slik kommentar?

– Det er berre dumt. Eg synest han er ein dum person.

Dei australske olympiske meistrane har ennå ikkje kommentert utsegna til Eurosport-kommentatoren sjølv.

– Eg reknar med at svømmarane held seg profesjonelle og berre droppar det, så får dei heller tenke på det etter OL, seier Jøntvedt.

– Dei sette olympisk rekord og var eitt sekund bak verdsrekorden. Det seier seg sjølv kor gode dei er, seier Christiansen – som ikkje har opplevd nokon liknande kommentarar sjølv.

– Eg trur det er eit mykje større problem for kvinnene enn for mennene.

Publisert 29.07.2024, kl. 14.36 Oppdatert 29.07.2024, kl. 14.40

Read Entire Article