– Vi er meir årvakne, vi oppdagar meir og er meir mistenksame, seier sjef for Forsvarets operative houvdkvarter (FOH), Rune Andersen til Forsvarets forum.
Han forklarar at mykje har skjedd i tida etter at han blei sjef for FOH for eit og eit halvt år sidan. Sjølv har han tatt ein pause frå fjellanlegget på Reitan. Under Joint Viking-øvinga treffer han kollegaer frå andre Nato-land og norske soldatar i felt.
– Det er eit sitat frå Lenin som seier «There are decades when nothing happens, and there are weeks where decades happen». Ting går fort no, også utviklinga i Nato, seier Andersen.
Han seier det blir jobba veldig mykje med det nordiske militære samarbeidet om dagen.
– Vi treng å synkronisere det nordiske samarbeidet betre og sørge for at vi kan føre fram styrker, bruke kvarandre sine basar og ha planar for det.