FNs natursjef om gruveplanar på havbotnen: – Bør unngå det

1 month ago 26



Noreg er det første landet i verda som opnar opp for å tillata kommersiell gruvedrift på havbotnen. Det handlar om mineral som vil bli stadig meir naudsynte i utsleppsfri energiproduksjon og annan «grøn» teknologi.

Avgjerda har vore svært omstridd både her i landet og internasjonalt, fordi miljøkonsekvensane kan bli svært store.

No får Noreg også kritikk frå «verdas miljøtoppsjef»:

– Havgruvedrift er veldig dårleg for det biologiske mangfaldet. Ein bør unngå det.

Det seier Anne Larigauderie til NRK i samband med at ho førre veke var i Noreg fordi ho er utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Sjå fantastiske bilete av organismar i djuphavet og testing av gruveutstyr på havbotnen!

Mål: verna 30 prosent av jordkloden

Den franske økologen er ikkje kven som helst: Larigauderie er ein av dei to toppsjefane i verda innan klima- og miljøtema: generalsekretærane for klimapanelet (IPCC) og naturpanelet (IPBES) i FN.

Larigauderie har leia FN sitt naturpanel sidan det vart oppretta for tolv år sidan.

Dette er FN-organisasjonen som i 2019 skaka verda med rapporten om at éin million artar står i fare for å bli utrydda på jorda.

Målet til FN er at kvart land skal verna 30 prosent av landarealet og 30 prosent av havområda innan år 2030.

Anne Larigauderie, generalsekretær i naturpanelet til FN

– Havgruvedrift er veldig dårleg for det biologiske mangfaldet. Ein bør unngå det, seier generalsekretær Anne Larigauderie i naturpanelet til FN.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– For lite kunnskap

I januar vedtok Stortinget å opna for planane for leiting og utvinning av ettertrakta mineral på botnen av norske djuphavområde. Det skjedde etter at regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet i desember vart einige med Høgre og Framstegspartiet.

Dette har blitt møtt med kraftig kritikk frå norske og internasjonale forskarar, miljørørsla og politikarar, blant anna det norske Miljødirektoratet og eit stort fleirtal i EU-parlamentet. Kritikarane meiner dei norske planane bryt med «føre var»-prinsippet.

Områder regjeringen vurderer å åpne for leting etter havbunnsmineraler.

Området som Stortingsfleirtalet vil opna for mineralleiting er 281.000 kvadratkilometer og ligg i Barentshavet og Grønlandshavet. Området er utgjer ein firedel av alle norske havområde. Og det er 50 prosent større enn den samla norske landjorda.

Foto: Oljedirektoratet / NPD

Berre éin prosent av havbotnen i området er undersøkt, ifølge Havforskingsinstituttet. EU-parlamentet meiner det er for lite kunnskap om kva miljøkonsekvensar mineralleitinga vil ha.

Den norske regjeringa seier det berre vil bli gitt løyve til kommersiell gruvedrift viss det er berekraftig.

Torsdag varsla miljøorganisasjonen WWF likevel at dei saksøker den norske staten.

Noreg som rollemodell

FN-toppen Larigauderie seier Noreg blir sett på som ein viktig modell for andre land.

Noreg er mektig når det gjeld global påverknad. De har til no har klart å halda ganske mykje av naturen dykkar mindre forstyrra enn andre. De har ei viktig rolle i å inspirera andre land.

Blekkspruten Dumbo (Cirroteuthis Muelleri) lever på 2000 meters dyp. Navnet kommer av de store finnene, som ligner på elefant-ører.

Blant mykje unikt på store havdjup, er blekkspruten Cirroteuthis Muelleri (blir kalla Dumbo fordi dei store finnane liknar elefant-øyrer). Den lever på 2000 meters djupne.

Foto: UiB

Kva meiner du ein kan forventa av eit geografisk lite og økonomisk rikt land som Noreg?

Ingen er små når det gjeld biologisk mangfald. Det er aldri ei unnskyldning. Alle bør verkeleg ta vare på sin eigen natur.

Overforbruk i rike land

Larigauderie meiner ikkje berre at gruvedrift på havbotnen må bli unngått av omsyn til havøkologien. Ho kallar også slik gruvedrift eit symptom på overforbruket i rike land.

Kvifor øydelegg folk havet for å trekka ut mineral? Det som driv fram denne utvinninga, er kundane. Som alltid når det gjeld biologisk mangfald, bør dei rike landa endra vanane og redusera forbruket.

Dette meiner ho er det overordna spørsmålet:

Mykje av den dårlege situasjonen for det biologiske mangfaldet botnar i overforbruket til oss forbrukarar i nord. Me kan ikkje fortsetta dette konsumet vårt. Me må endra forholdet vårt til naturen. Naturen er ikkje berre ei vare.

Kva med argumentet om at havgruvedrift, eller vindkraftproduksjon på land, er nødvendig for det grøne skiftet?

Ja, det grøne skiftet er viktig, men samtidig må me redusera forbruket. Det er nokre vanskelege avgjerder å ta.

– Lyttar landa i verda, og spesielt Noreg, til arbeidet naturpanelet gjer?

Ikkje nok, men ja, i aukande grad. Bevisstheita om biologisk mangfald aukar. Men faktum er at me mistar biodiversitet, at økosystema blir degraderte. Handlingane og bevisstheita er framleis ikkje der dei bør vera. Ein enorm globale innsats er nødvendig.

Undervannsrobot

Denne roboten måler temperaturen i væska frå varme kjelder langs den undersjøiske fjellkjeda Mohnsryggen, som ligg 1000 km utanfor Bergen på 3000 meters djupne.

Foto: Senter for Dyphavsforskning / UiB

Det er vanskeleg å ikkje vera utolmodig personleg. Og profesjonelt må me prøva å forklara betre.

Regjeringa: – Skal skje berekraftig

Då NRK ber regjeringa kommentera utsegnene frå generalsekretæren i naturpanelet i FN, viser Statsministerens kontor til Klima- og miljødepartementet, som viser vidare til Energidepartementet.

Statssekretær Astrid Bergmål (Ap) i Energidepartementet skriv til NRK:

«Noreg har ein lang og stolt tradisjon for forsvarleg og kunnskapsbasert ressursforvaltning. Me treng meir kunnskap før ei eventuell utvinning kan tillatast. Det vil berre bli gitt godkjenning til utvinning dersom det kan skje på ein berekraftig og forsvarleg måte.»

At FN-toppen ser gruveplanane som eit symptom på overforbruket i rike land, kommenterer statssekretæren slik:

«Energiomstillinga verda skal gjennom kjem til å krevje store mengder mineral frå sikre kjelder i fleire tiår framover (..) dersom vi skal nå måla i Parisavtalen.»

Astrid Bergmål

Statssekretær Astrid Bergmål seier lågutsleppssamfunnet vil trenge store mengder mineral, og at norsk gruvedrift på havbotnen berre skal skje viss det kan gjerast berekraftig og forsvarleg.

Foto: Virke

– Verda treng mineral

Bergmål understrekar at dei første planane om utvinning skal godkjennast av både Energidepartementet og Stortinget.

Ho svarar slik på at Larigauderie meiner behovet for mineral på havbotnen til det grøne skiftet heng saman med rike sitt overforbruk:

«Verda treng mineral i overgangen til lågutsleppssamfunnet. I dag er utvinning av mineral i stor grad konsentrert i eit fåtal land eller selskap. Dette bidreg til ein sårbar forsyningssituasjon. Noreg har eit ansvar for å undersøka moglegheitene for å henta ut mineral frå våre område».

Her finn du fleire artiklar frå NRK om: Havbunnsmineraler

Publisert 27.05.2024, kl. 22.47

Read Entire Article