Flo forlengjer ikkje med Sogndal

1 day ago 4



Kontrakten med 1. divisjonslaget går ut ved sesongslutt.

I dag fekk spelargruppa beskjed om at det stoppar på tre år med Tore André Flo som hovudtrenar.

I ei pressemelding seier Tore André Flo at tida no er inne for å gi stafettpinnen vidare.

– Kontrakten mi går jo ut, eg har gjort alt eg kan for Sogndal i tre år. Det kjenst eigentleg riktig for alle partar at eg gir stafettpinnen vidare til neste trener, seier Flo til NRK.

– Dei siste tre åra har vore ein utruleg gjevande periode i mi karriere. Eg er stolt av spelarane sin innsats, klubbens støtte og den trufaste tilhengarskaren som alltid har vore der for oss, seier Flo.

Sogndaltrener Tore Andre Flo

Sogndalstrenar Tore André Flo seier at perioden hans som trenar i Sogndal Fotball har vore utruleg gjevande.

Foto: Christian Blom / NTB

Flo: – Resultata spelar inn

Den tidlegare landslagsspelaren tok over som hovudtrenar etter Eirik Bakke ved nyttår 2022.

Flo hadde ei innhaldsrik karriere som spelar, der han mellom anna spelte for Chelsea, Rangers, Leeds, Brann, Vålerenga og Sogndal.

– Eg er audmjuk og stolt over å ha fått vore trenar for ein klubb eg er so glad i, seier Flo.

Åra med Flo ved roret har Sogndal enda på 7. og 6. plass i 1. divisjon. Med åtte kampar att av årets sesong er Sogndal på 9. plass.

– Hadde vi vore på toppen av tabellen og alt var inne i himmelen, hadde det vore lettare å vere med lenger. Eg legger ikkje skjul på det. Resultata spelar inn.

Garderobeprat

Spelarane fekk vite om avgjerda til 51-åringen i garderoben før dagens trening.

– Vi visste at han var på utgåande kontrakt, men det var jo ikkje sikkert at han skulle gi seg. Det om som eit lite sjokk. Det gjorde jo det, seier spiss Erik Hovden Flataker.

Midtstoppar Daniel Arrocha kom til klubben i januar i fjor.

– Det var sjølvsagt ei overrasking. Vi visste ingenting før i dag, seier dansken.

– Men fotball handlar om resultat, så ein kan tenkje seg at det kan ha ein påverknad, legg han til.

Fokus på sesongavslutninga

No skal Flo i første omgang konsentrerer seg fult og heilt om å få ein betre avslutning på sesongen, før han gir seg som trenar.

Og vegen vidare har han endå ikkje bestemt seg for.

– I fotball er det ikkje alltid du veit kva som vil skje i framtida. Den karusellen må ein vere med på, så får eg sjå kva som skjer med positiv innstilling.

Jobben i Sogndal er den første jobben hans som hovudtrenar. Han har vore assistent både på U18- og U21-landslaget.

– Ein levande legende i bygda

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Gisle Olsen, seier at det er ingen dramatikk i at Flo sluttar.

– Tore Andre er på ein utgåande kontrakt, så dette er eit personleg val på hans side

Han seier at dei har gatt ein løpande dialog om dette i september.

– Han er ein levande legende i bygda og i norsk fotball, det er ein personlegdom og kapasitet som har vore hos oss i tre år.

No startar arbeidet med å finne ny trenar.

– Vi følger med i norsk toppfotball og følger med på kva som finst. Også er det snakk om kven som er ledig og kven passar inn hos oss, seier Olsen.

Styreleiar Jan Rune Årøy i Sogndal Fotball blei informert om avgjerda tidlegare i veka.

– Eg har full forståing for avgjerda han har tatt, særleg med bakgrunn på resultata og prestasjonen no. Men eg synest det er forferdeleg trist at vi ikkje har fått dei resultata vi hadde i vår.

Publisert 18.09.2024, kl. 10.35 Oppdatert 18.09.2024, kl. 13.45

Read Entire Article