Fleirtalet av dei utan billett slapp å betala bot

4 hours ago 3



– Det har blitt litt allmennkunnskap at du ikkje treng å betale bota, seier Samuel Teka (18) frå Stavanger.

Han og Sondre Rødder (18) ventar på bussen som skal ta dei til Hetland vidaregåande skule i Stavanger. Dei veit godt kva regelverk som gjeld om dei møter billettkontroll frå vektarar på bussen.

To skuleelevar som kjenner til at vektarane ikkje kan stanse deg

Sondre Rødder (18) og Samuel Teka (18) ventar på bussen til skulen dei går på

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dei har ikkje lov til å ta i deg, seier Sondre.

Både han og Samuel understrekar at dei ikkje sjølve har stukke av frå kontroll nokon gong.

Ein nasjonal trend

I Rogaland var det om lag 5300 passasjerar som betalte bot for å ikkje ha billett i fjor. Men det var rundt 7900 som gjekk vekk frå kontrollen utan å vedta bota, då dei ikkje kunne vise lovleg billett. Dette viser tal frå Kolumbus.

Det var altså 60 prosent av dei utan lovleg billett, som ikkje betalte bota.

Morten Nesvik

Morten Nesvik er kommunikasjonsrådgjevar i Kolumbus

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det skjer stadig oftare at dei kontrollerte går sin veg. Det er ein nasjonal trend som gjeld alle busselskap som nyttar vektarar til å ta kontrollar, seier Morten Nesvik, kommunikasjonsrådgjevar i kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland.

NRK har rekna ut at minst 43 millionar reiser ikkje blei betalte for i kollektiv-Noreg i fjor.

Dette blir stadfesta frå transportselskapet Ruter i Oslo. Sjølv om situasjonen ikkje er så dramatisk der som i Rogaland.

Ved den siste punktmålinga til Ruter var det i overkant av 30 prosent av dei utan lovleg billett som stakk av frå kontrollsituasjonen.

– Dette betyr eit inntektstap for Ruter på omkring 100 millionar kroner i året, og me ser ein tendens til at dette er eit aukande problem, seier Knut-Martin Løken, samfunnskontakt i Ruter.

Høgsterett har bestemt

I 2020 kom ein dom frå Høgsterett som endra situasjonen for kontrollørane.

Den slo fast at det må vera med minst ein tilsett frå busselskapet for at vektarane kan halda passasjerar tilbake mot sin vilje.

Denne dommen har etter kvart blitt godt kjent, spesielt gjennom sosiale medium.

Ikkje minst blant dei unge, som oftast lar vera å betale for seg på offentleg transport, ifølge opplysningar frå Kolumbus.

Anna Pihl kjenner godt til at vektarar ikkje kan halde igjen passasjerar utan billett

Anna Pihl kjenner godt til regelverket som vektarane må halde seg til

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Pendlar Anna Pihl er klar på at ho aldri har gått frå ein billettkontroll, men ho veit godt at det skjer.

– Det er jo ikkje bra, men folk gjer det, seier ho.

Endringar på gang

Transportselskapet i Kolumbus i Rogaland opplyser at dei tapte 32 millionar i billettinntekter på sniking i 2024.

Ei løysing er at minst ein tilsett frå busselskapet er med på alle kontrollar. Då kan vektarane etter lova halde igjen passasjerar fram til dei har akseptert gebyret.

– Det er absolutt mogeleg, og dette blir diskutert. Men då blir kontrollen dyrare og meir ressurskrevjande, seier Morten Nesvik i Kolumbus.

Passasjerane går på bussen i Stavanger sentrum gjennom dørene bak

I framtida kan passasjerane bli nøydde til å gå inn framme i bussen

Foto: NRK

Det som kjem til å skje i første omgang er truleg at alle passasjerar som går på utanfor dei største byane i Rogaland må gå inn framme i bussen og vise billetten til bussjåføren.

Fylkestinget skal endeleg ta stilling til det, den 29. april.

– I tillegg kjem me til å ha fleire kontrollar framover, seier Nesvik.

Publisert 22.04.2025, kl. 20.18

Read Entire Article