Fleire vil bu og jobbe her

4 days ago 9



Hamarøy kommune opplever sterk vekst i befolking og sysselsetting, viser ferske tal frå Indeks Nordland.

Det skriv Avisa Nordland.

Næringssjef Johannes Sandberg er fornøgd med utviklinga, men meiner kommunen har eit stort uforløyst potensial.

– Det betyr at vi har jobba godt over tid. Det er deileg å sjå at målbevisst arbeid gir utslag på nøkkelparametera. Dette stemmer også med vårt eige inntrykk av utviklinga i kommunen, seier Sandberg til avisa.

Tala frå Indeks Nordland viser at kommunen har auka sysselsettinga rundt 15 prosent frå 2020 til 2024, og har ein befolkningsvekst på mellom tre og fire prosent i same periode.

Sandberg seier at dei ikkje har nok bustader, men at det ser ut til å kunne vere ei løysing på det området innan kort tid.

Read Entire Article