Herøy kommune og fleire enkeltpersonar har klaga på vedtaket som lar straumselskapet Linea avvikle straumforsyninga til Gåsvær.
No har nettselskapet frist til 10. desember på å svare på klagane, skriv Helgelands Blad.
Gåsvær har vore utan straum sidan 15. november i fjor, etter brot i sjøkabelen. Nettselskapet Linea vil kutte straumforsyninga permanent, med grunngjeving om at øyværet ikkje har fastbuande.
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) sa 23. oktober ja til søknaden frå Linea. Herøy kommune og fleire privatpersonar har klaga på vedtaket.
«Vedtaket er etter vår vurdering mangelfullt og bygger på utilstrekkeleg vurdering av både tekniske, økonomiske og samfunnsmessige forhold», skriv kommunalsjef Morten Hanssen i klagen frå Herøy kommune.
– Vi meiner at det er ein del ting som ikkje har blitt utgreidd grundig nok, seier leiar i Gåsvær Vel, Inger Johanne Mathisen, som støttar klagen.
Dersom RME ikkje endrar vedtaket, blir saka sendt vidare til Energiklagenemnda for ei endeleg avgjerd.















English (US)