Filip Hoset og broren Simeon skulle berre ein snarturtur på butikken då dei oppdaga brannen i Surnadal laurdag ettermiddag. Dei køyrde resolutt opp til huset og sprang inn, for å hjelpe.
Der møtte dei ein mann og ei kvinne. Hoset oppfatta at dei var i sjokk.
– Dei ville ikkje gå ut av huset, dei var heilt sjokka. Dei forsto ikkje alvoret, slår han fast.
Filip Hoset seier han er sjukepleiar og veit kor farleg røyken er, og at han ikkje ville venta dersom dei nølte meir.
– Hadde ikkje dei følgt med då, så hadde eg dratt dei ut av huset.
Ville ha med seg ting
Dei to redningsmennene seier at sambuarparet var opptekne av å hente med seg ting ut frå det brennande huset, men at han og broren stoppa dei.
– Vi fekk på dei jakker og teppe, og sprang til nabohuset, seier han.
Dei to brørne fekk også ringt brannvesenet, som kom etter kort tid.
Dei to redningsmennene; Simeon (til venstre) og Filip Hoset.
Foto: Filip HosetTakkar brørne
Knut Westlund og sambuaren Ellen Jorid Mo takkar dei to brørne som rykte ut. Westlund seier dei var på veg ut, men stadfestar at dei nølte litt, og at dei fekk klar beskjed om å skunde seg.
– Det er fantastisk, eg kjende dei ikkje, dei var raske til å hjelpe. Dei var litt strenge også og fekk oss raskt ut, seier Westlund.
Han seier at sambuaren kom rett frå dusjen og ikkje var kledd for å vere ute, og er glad for at brørne sørga for både jakker og pledd.
No har dei tatt inn hos familie i nabohuset, og prøvar å forstå kva som har skjedd.
Westlund seier han ikkje veit kva som starta brannen, men at dei kom frå det utan skadar.
– Eg vil seie tusen takk for at dei kom!
Såg flammane
Naboar fortel til NRK at dei frykta at brannen skulle spreie seg då det sto på som verst. Frå stovevinduet såg dei flammane ete seg gjennom taket på huset i bustadfeltet i Surnadal.
– Herregud, dette kan ikkje gå bra, tenkte eg, seier den eine.
Han var mest uroleg for om brannen skulle spreie seg til nabohuset - eller til skogen.
Dramatikk på juleferie
Brannen var ei stund så dramatisk at brannvesen frå fleire nærliggande stasjonar måtte rykke ut. Fylkesvegen forbi byggefeltet måtte stengje, og flammar og røyk kunne sjåast på lang avstand.
I ettertid viser det seg å ha gått etter forholda bra.
Brannvesenet har no kontroll, og ingen av dei to som bur i huset, har fått skadar.
Dei to brørne var heime på juleferie hos far og mor og hadde ikkje tenkt at juleferien skulle innehalde så mykje dramatikk.
Dei er glade for at dei ikkje blei handlingslamma.
– Det kunne blitt dramatisk, det tok ikkje lang tid før det var full fyr. Vindua eksploderte og då blei det voldsomt til falmmehav, seier Filip Hoset.
– Vi snakka ein del om det, vi følte vi klarte alt etter manualen, det var vi veldig fornhøgd med og veldig takknemleg for at det ikkje blei noko personskade.
Publisert 27.12.2025, kl. 14.14 Oppdatert 27.12.2025, kl. 17.26












.jpg)



English (US)