– Det er opp mot respektlaust av publikum, meiner Ottesen.
Han minner om at det var omtrent 20 minutt frå premieseremonien på herresprinten til kombinert-damene skulle gå langrenn.
– Og i den perioden stikk 95 prosent av publikum. Det har eg aldri opplevd i utlandet, seier FIS-toppen.
Han meiner ein verken kan skylde på arrangørane eller «andre ting».
– Eg hadde rekna med at det norske folk ville støtte opp om eigne storheiter som Ida Marie Hagen og Jarl Magnus Riiber, som er verdas beste, seier den tidlegare skihopparen.
Han er no rennsjef i Det internasjonale Skiforbundet (FIS), og oppdaga det same som bileta NRK viser:
Så fort langrennssprinten var over forlèt ei rekkje bilar skistadion på Lillehammer.
Sjå forskjellen mellom konkurransane her:
– Hadde kjøpt bayer
Ottesen er sikker på at det same ikkje hadde skjedd i land som Tyskland, Italia og Austerrike.
– I Tyskland hadde publikum gått og kjøpt seg ein würstel og ein bayer, og så kome tilbake og sett kombinertrennet.
– Men er det ikkje dykkar ansvar å gjere idretten attraktiv?
– Det har du rett i. Vi jobbar dagleg med det kvart minutt for å gjere idretten attraktiv, seier Lasse Ottesen.
Han legg til at han opplevd liknande publikumsflukt i Falun og på Lillehammer, men altså aldri i Mellom-Europa.
– Ei gåte
Per Olav Andersen, som er leiar i organisasjonskomiteen i verdscupen, seier seg mykje einig med Lasse Ottesen.
– Dette er vanskeleg å forstå. Programmet er det same for langrenn og kombinert. Utøvarane fortener merksemd. Eg har vondt for å forstå det, seier Andersen om publikumsflukta.
Han synest flukta er verst for utøvarane sjølve.
– TV-produktet blir omtrent like bra. Og TV-tala for kombinert i Noreg er gode. Så kvifor folk ikkje vil sjå dette live er for meg ei gåte, seier Andersen.
– Gøy med fleire
Ida Marie Hagen, som suverent vann kombinertrennet som store delar av Lillehammer-publikummet ikkje fekk med seg, seier at ho høyrde mykje folk i løypene.
– Så dei som var her høyrde eg i alle fall godt. Sjølvsagt hadde det vore gøy om det var endå fleire, men sånn er det. Eg håper fleire får auga opp for kombinert, seier Hagen.
Jarl Magnus Riiber, som også vann suverent laurdag, synest det var lite publikum både på kombinertrenna og under langrennssprinten.
– Eg trur ikkje det er færre her no enn under langrennet. Men det var litt for lite folkefest her. Det skulle ha vore noko meir her, musikk eller noko, for å trekke folk, seier Riiber.
Herrane sin ti kilometer for kombinert gjekk rett etter damenes fem kilometer.
Dramatikk mellom norske lagkameratar
Det blei altså ein sportsleg suksessdag for dei norske kombinertløparane, med sigrar til Ida Marie Hagen og Jarl Magnus Riiber, i tillegg til at Gyda Westvold Hansen blei nummer tre hos kvinnene.
Totalt blei det ytterlegare fire plasseringar på topp ti for dei norske løparane.
Blant mennene blei blant anna Jørgen Graabak nummer seks, medan Espen Bjørnstad følgde på ein tiandeplass. Etter målgang var sistnemnde irritert og hevda han blei køyrt i bakken av Graabak.
– Eg skal sette meg i hocke, og i det eg skal gjere det, så er det nokon som går på bakdelen av skia mi, sånn at eg mistar fotfestet rett og slett på venstre fot. Og då dett eg på rumpa, seier han.
– Det er i alle fall jævlig irriterande når det ikkje er min eigen feil, seier Bjørnstad vidare.
Graabak seier på si side at han ikkje kunne kome seg unna.
– Men det kjennest jo drit for det, seier han, og held fram:
– Eg prøver jo ikkje å køyre på han. Eg er der, så eg prøver jo å kome meg unna. Men viss eg skal klare det, så må eg ut i skogen då. Då blir det ein samanstøyt, men eg prøvde jo sjølvsagt ikkje på det, for det skjer ganske fort. Men det er jo uansett ikkje med vilje, sjølvsagt. Eg veit ikkje kven sin feil det er, rett og slett.
Dette har Ola Lunde aldri sett før: – Veldig spesielt 00:51
Publisert 07.12.2024, kl. 16.15 Oppdatert 07.12.2024, kl. 16.26