Finansbyråden i Bergen går av

1 month ago 17



Det kjem fram i ei pressekonferanse måndag ettermiddag.

– Eg er oppriktig lei meg for valet han har tatt, men har òg respekt for avgjersla, seier byrådsleiar Christine Meyer.

Finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad går av fordi han som kommunens representant i val-komiteane har utnemnt kommunen sine kandidatar til styreverv i selskapa i Fløibanen og Bergen Havn utan at det hadde vore tatt opp i byrådet.

– Som finansbyråd må eg kjenne mine fullmakter og rammene av dei. Det har eg ikkje gjort i dei to tilfella, sa Nævdal-Bolstad på pressekonferansen.

Han bad sin eigen administrasjon om å sjekke sakene etter stormen den siste veka i kjølvatnet av byrådets ønske om å skifte ut styreleiaren i kraftselskapet Eviny.

– Når eg no har fått avdekka at dei to nemnde utnemningane skulle vore fremma i byråd, meiner eg det er rett å ta konsekvensen av det, og gå av som byråd.

Førre veke vart det kjent at Bergen kommune, som er ein av eigarkommunane i energiselskapet Eviny, hadde jobba i det skjulte i to-tre månader for å erstatta dåverande styreleiar Jan Erik Kjerpeseth.

Byrådet ønska i staden å få inn Øistein Andresen, som har erfaring med kraftbransjen i Innlandet.

– Vil ikkje vere riktig

Men dei varsla verken Statkraft eller dei andre eigarkommunane i Eviny på førehand. Dei måtte lese om saka i lokalpressa.

Handteringa har i seg sjølv skapt sterke reaksjonar. Det har også det faktum at Andresen ikkje har tilknyting til Vestlandet.

Etter alt bråket trekte Andresen seg som styreleiar-kandidat i helga. Det vart kjent måndag føremiddag.

– Med den negative merksemda denne saka har fått og eit tilsynelatande breitt ønske om regional forankring, vil det ikkje vere riktig, verken for meg eller selskapet, at eg trer inn i rolla som styreleiar, skriv Andresen i ein SMS til NRK.

På spørsmål om korleis han tenker byrådet har handtert saka på, skriv han:

– Eg har hatt ein open og grei dialog med byrådsleiar gjennom heile prosessen. Utover det har eg ingen kommentar.

Ifølgje BT tok byrådsleiar Christine Meyer først kontakt med han onsdag før påske.

Finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad har opplyst til NRK at dei har jobba i «to-tre månadar» med å finne ein ny styreleiar.

Måndag ettermiddag møtte Statkraft byrådet om prosessen vidare. Tysdag skal dei møte dei andre eigarkommunane i Eviny.

– Byrådet vil fortsette arbeidet med å finne ein ny styreleiar, som skal veljast inn på ekstraordinær generalforsamling i juni, sa Meyer om Eviny-saka på pressekonferansen.

I dialog med selskapa

– Eg vil seie det er heilt avgjerande at kommunen utøver god eigarskapsstyring, og det er noko eg håpar at min avgang kan bidra til å gjenopprette, avslutta byråden sitt innlegg i pressekonferansen.

Byrådsleiar Christine Meyer sa at kommunen no går i dialog med Fløibanen AS og Bergen Havn.

– Me vil så raskt som mogleg fremme nye saker til byrådet for å sikre at utnemningane blir gjort i tråd med fullmaktene.

Publisert 27.05.2024, kl. 16.31 Oppdatert 27.05.2024, kl. 16.59

Read Entire Article