FHI: – Det er feil at den eine vaksinen er sterkare enn den andre

1 day ago 2



Nyleg skreiv NRK om tvillingpappa Wilhelm Solheim, som har tatt døtrene ut av barnevaksinasjonsprogrammet.

Når jentene skulle få vaksine mot livmorhalskreft, ville dei heller ha ein annan vaksine enn Cervarix, som blir gitt i dag.

Dei valde å få vaksine privat, ein vaksine ved namn Gardasil 9. Den beskyttar mot ni HPV-virus, i tillegg til kjønnsvorter. Cervarix beskyttar mot to av desse virusa.

Solheim og kona har vald å omtale det som ei sterkare vaksine, ikkje ei betre.

Sveinung Sørbye, overlege ved UNN og ein av landets fremste ekspertar på HPV-virus, kallar også Gardasil 9 ei betre vaksine enn Cervarix.

Denne framstillinga får Folkehelseinstituttet (FHI) til å reagere, mellom anna i eit intervju med Nettavisen.

Kan gjere folk usikre

Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør for smittevern, gjekk tidlegare denne veka ut i Nettavisen og tok til orde mot NRK si framstilling.

Han utdjupar kritikken:

– Vi reagerer på at saka har som ein falsk premiss at Gardasil 9 vernar betre mot kreft og forstadium til kreft enn vaksinen som alle barn få gratis tilbod om på skulen. Saka kan soleis gjere barn og foreldre usikre, seier Aavitsland til NRK.

Preben Aavitsland

Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør for smittevern i Folkehelseinstituttet, meiner det er direkte feil at ein vaksine mot livmorhalskreft er sterkare enn ein annan.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

FHI meiner det ikkje er nokon grunn til å vere skeptisk til å la barna bli vaksinert med Cervarix.

Dei siste åra har det vore ei auke i salet av Gardasil 9-vaksina. I oktober i år var det selt 41.000 dosar, mot 38.000 i heile fjor.

Aavitsland påpeiker at det meste av dette salet er til vaksne.

Vi er ikkje uroa over dette, men vi synest det er synd om foreldra no trur at dei må bruke 3500 kroner for å gi dottera eller sonen best vern mot kreft. Gardasil 9 og Cervarix vernar like bra mot kreft og forstadium til kreft, seier helsetoppen.

Aavitsland meiner dette er ein falsk premiss fordi Direktoratet for medisinske produkter har fått ei ekspertgruppe til å vurdere kva vaksine ein skulle gå for.

Denne gruppa seier begge vaksinane vernar like godt mot førebygging av HPV-relatert kreft og forstadium til kreft i livmorhals, anus, vulva og vagina, seier Aavitsland.

Produsenten av Gardasil 9 klarte ikkje å bevise at denne vaksinen var «sterkare». DMP seier: «Oppfatningen om at Gardasil 9 er bedre mot kreft, gjenspeiles ikke i den innsendte dokumentasjonen» fra firmaene.»

Overlege: – Gardasil 9 er sterkare

Det er usemje i fagmiljøa om kva for ein vaksine Noreg burde gå for. Mange ekspertar på området, meiner det er på høg tid at ein går for Gardasil 9.

I dag blir dette valet av vaksine gjort ved anbod. Det er Cervarix og Gardasil 9 som er dei to ein kan velje mellom.

I anbodet skal kvalitet vektleggast 70 prosent og pris 30 prosent.

Noreg er eitt av to europeiske land som bruker Cervarix.

Blant dei som har ropt høgt for å få innført Gardasil 9, er nemnde Sveinung Sørbye ved UNN. Sidan starten av 2000-talet har han jobba med HPV-viruset.

En mann sitter ved et skrivebord med to dataskjermer foran seg. Scenen viser en arbeidsplass med dokumenter og notater på veggen. Mannen gestikulerer med hånden mens han ser mot kameraet. Utsikten gjennom vinduet viser en moderne bygning i bakgrunnen.

Overlege ved avdeling for klinisk patologi ved UNN, Sveinung Wergeland Sørbye, held fast på at Noreg burde ta inn Gardasil 9 i barnevaksinasjonsprogrammet.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Tidlegare i haust kunne sjukehusa i nord sjå ei gledeleg utvikling: Ingen nordnorske kvinner under 30 år har fått påvist livmorhalskreft dei siste to åra.

Han står fast på at Gardasil 9 er ein sterkare vaksine enn Cervarix.

– Begge vaksinar gir svært god vern mot HPV 16 og 18, men Gardasil 9 gir i tillegg direkte vern mot fleire andre HPV-typar. Cervarix kan ha noko kryssvern mot enkelte typar, men styrke og varigheit varierer mellom studiar og er mindre føreseieleg enn direkte typedekning, seier han til NRK og legg til:

– Når ein ser på alle HPV-typar samla, kan denne skilnaden bli mindre synleg, men i praksis betyr breiare typedekning færre infeksjonar og færre forstadium som skuldast «andre typar» enn 16/18.

Sørbye meiner at han, som fagperson, og FHI vektlegg ulike ting. Der dei ser på dokumentasjon og effekt i program, ser han noko anna:

– Eg ser konsekvensane i screeningkvardagen.

Sidan 2016 har han og kollegaer på UNN gjort ei kvalitetssikring av normale celleprøver. Det har blitt mange testar i løpet av åra.

– Eg møter jamleg kvinner med HPV og forstadium som kunne vore førebygde med ein breiare vaksine. Hos yngre dominerer 16/18 meir, og då vil alle vaksinar sjå «svært gode» ut på kreftførebygging, medan andre typar blir relativt viktigare med aukande alder og over tid.

Høgre reagerer på hemmeleghald

Det er ikkje berre helsetoppane og fagfolk som er opptekne av kva for ei HPV-vaksine Noreg skal gå for. Også politikarar på Stortinget har engasjert seg.

Nyleg stilte Erlend Svardal Bøe frå Høgre spørsmål i Stortinget om ein rapport som blei levert i haust.

en mann med briller

Erlend Svardal Bøe er stortingsrepresentant for Troms Høgre.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

FHI har greia ut langsiktige verknader og samfunnsøkonomiske nytte av HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet. Direktoratet for medisinske produkt leverte rapporten til Helse- og omsorgsdepartementet i november.

Kva som står i rapporten, får ein ikkje vite. Den er unntatt offentlegheita.

Både fagpersonar og Kreftforeningen skal ha bli nekta innsyn, sa Svardal Bøe i Stortinget. Han spurte helse- og omsorgsministeren kva som er årsaka til at den er hemmeleg.

Dette var også tema i Helgemorgen i NRK.

I dag har elever i 10. klasse tre flere fraværsdager enn de hadde før pandemien. Hvordan skal vi få dem tilbake på skolen?

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre seier at rapporten no er til behandling.

Han svarer følgjande om «hemmeleghald» av rapporten:

«Offentliggjøring nå kan svekke både den interne beslutningsprosessen og konkurransemessige hensyn. For å sikre en forsvarlig behandling og ivareta statens interesser, er dokumentet derfor per nå unntatt offentlighet.»

Jan Christian Vestre står inne på marienlyst og ser i kamera. Han har mørkeblå dress, hvit skjorte, og rødt og hvitt slips.

Helseminister Jan Christian Vestre frå Arbeidarpartiet meiner det av omsyn til konkurranse er riktig at rapporten er unntatt offentlegheit.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Vil at vaksinen som beskyttar best, vinn

I Tromsø påpeiker overlege Sørbye at FHI har fått gjentatt kritikk frå fagmiljø i valet av vaksine.

Han meiner kritikken har blitt sterkare for kvart anna land som vel Gardasil 9.

– Da blir det viktig for FHI å forsvare at valet dei har gjort er fagleg forsvarleg og økonomisk riktig. Eg trur også dei er uroa for at folk skal tru dei må kjøpe ein privat vaksine for å vere trygge – og det ønsker dei å dempe, hevdar Sørbye.

Dette uroar Folkehelseinstituttet, som også påpeiker at ikkje er FHI som vel vaksine.

Ja, vi er uroa over at Sørbye og andre gong på gong og på feil grunnlag hevdar at vaksinen i programmet er for dårleg. Dette kan gjere nokre foreldre urolege, og det er verkeleg ikkje naudsynt, svarer Preben Aavitsland i FHI.

– Det undrar oss at desse fagfolka har oppfatningar som produsenten av Gardasil 9 ikkje kan dokumentere, seier Aavitsland.

Sørbye svarar på si side at ein ser effekt av vaksinen som beskyttar mot ni HPV-virus:

– Med ein vaksine som berre dekkjer 16/18 direkte, vil mange framleis få positiv HPV-test for andre typar og bli kalla inn til tettare oppfølging, fleire kontrollprøver og i nokre tilfelle behandling med konisering.

Overlegen er trygg på at «den andre vaksinen» er eit betre val for Noreg:

– Med Gardasil 9 forventar ein færre HPV-positive, færre unormale prøver, færre høggradige celleforandringar og færre som treng konisering – og på sikt færre krefttilfelle.

Preben Aavitsland i FHI meiner det viktigaste er korleis vaksinen fungerer i «den verkelege verda», og at Cervarix gir såkalla kryssvern mot fleire HPV-typar.

Kor sannsynleg trur du det er at ein i neste anbodsrunde vil gå for Gardasil 9, slik mange fagfolk ønsker?

Vi veit ikkje, svarer direktøren:

Det viktige for oss, er at vaksinen som vernar best mot kreft, vinn konkurransen.

Om vaksinespørsmålet skal ut på anbod, eller om ein skal forlenge dagens tilbod, blir avgjort hausten 2026.

Publisert 18.12.2025, kl. 12.13

Read Entire Article