Fersk jeger skulle skyte hjort — skaut ku

1 day ago 3



Jegeren si første jakt gjekk ikkje heilt etter planen.

 Gisle Oddstad / VGILLUSTRASJONSKU: Dette er nokre andre kyr, enn kua som var involvert i skyteepisoden. Foto: Gisle Oddstad / VG
Oppdatert lørdag 10. januar kl. 12:32
  • Ei blei skoten under hjortejakt.
  • Jegeren fekk bot.

I haust var ein fersk jeger på jakt i Vanylven på Sunnmøre med ein kompis.

Under jakta skaut han ei ku som han trudde var ein hjort.

Politiadvokat Arnt Erik Oust seier til Sunnmørsposten at dei begge var ferske jegerar og at dei jakta i både inn- og utmark.

Kommunen har tidligere opplyst at hendinga skjedde i titida på kvelden. Det var mørkt, men månelyst, ifølge avisa.

Jegarane brukte både optisk og termisk sikte, som inneber at ein ser dyra på lang avstand i mørket.

 Odin Jæger / VGPolitiadvokat Arnt Erik Oust. Foto: Odin Jæger / VG

Jegerane såg på eit tidspunkt fleire hjortar, som etter kvart gjekk inn i skogen.

Ti minutt seinare ser jegeren eit nytt dyr i siktet og skyt det han trudde var ein hjort.

Det viste seg å vere ei ku.

Fekk bot

Politiet oppretta sak på forholdet etter hendinga.

Ifølgje avisa fekk mannen ei bot på 10.000 kroner etter brot på viltlova.

— Saka er avgjort ved at sikta har akseptert førelegg om bot, opplyser politiadvokat Arnt-Erik Oust til Sunnmørsposten.

 Kjell Herskedal / NTBIllustrasjonsbilete frå 2010. Foto: Kjell Herskedal / NTB

Det var fordi jakta var gjort på ein slik måte at det var til fare for husdyr.

— Det var første gong jegeren var på jakt, og det har litt å seie for reaksjonen han har fått. Viss det hadde vore ein erfaren jeger, hadde det blitt ein strengare reaksjon, seier Oust.

Eigaren av kua og jegeren har gjort opp mellom seg.

Var du på hjortejakt i haust?

aJabNei

Tips oss illustrasjon

Har du tips?

Send oss informasjon, bilder eller video.

Read Entire Article