Ferjefylke fnyser av nye klimakrav: – Ikkje gjennomførbart

12 hours ago 5



Frå nyttår gjeld nye og strengare reglar til ferjeanbod.

For å nå klimamåla i Paris-avtalen har Stortinget bestemt at alle nye ferjeanbod må stille krav til nullutslepp.

Det er ikkje gjennomførbart, meiner fylkesråd for samferdsel i Nordland, Marianne Dobak Kvensjø (H).

– Dette er symbolpolitikk frå regjeringa, seier ho.

For lite tilgjengeleg straum og dårleg kapasitet i straumnettet gjer at ferjene må stille seg langt bak i køen, seier Kvensjø.

– Det er eit mål vi også ønsker oss, men i Nordland har vi verken straumen eller kapasitet i straumnettet.

– Desse ferjene ligg ofte langt unna både kablane våre og i kommunar med svært avgrensa straumkapasitet, legg ho til.

Får femti millionar på deling

Samferdselsråden er heller ikkje fornøgd med den økonomiske støtta dei har fått til dette.

Av Nordland sine 24 ferjesamband er det berre 5 som er elektrisk drivne, ifølge norsk klimastifting

I 2025 og 2026 er det mange av dei 23 fylkeskommunale ferjestrekningane i fylket som skal ut på anbod, ifølge Kvensjø.

Regjeringa har sett av 50 millionar kroner på deling i statsbudsjettet til dette.

Nordland får 11 millionar kroner.

– Vi veit at vi kjem til å ha investeringskostnader opp mot 1 milliard kroner og auka driftskostnader på nesten 200 millionar ved å elektrifisere alle sambanda våre. Det er pengar vi ikkje har, seier Dobak Kvensjø.

Bilfergen MF "Suløy" fra Fjord1, drives av batteri, og trafikkerer fergestrekningen Hareid - Sulesund i Møre og Romsdal.

Ferja MF Suløy frå Fjord1, blir drive av batteri, og trafikkerer ferjestrekninga Hareid – Sulesund i Møre og Romsdal.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Vil ha pengane tilbake

Også i to av dei andre store ferjefylka i landet, Møre og Romsdal og Vestland, slit dei med å få nullutslepp på ferjene.

Også der er finansieringa problemet.

– I Møre og Romsdal har vi elektrifisert halvparten av ferjene våre med ein stor ekstrakostnad som vi ikkje har fått finansiert gjennom Stortinget. Faktisk driv vi no med 230 millionar kroner i underskot på ferjedrifta. Det får vi ikkje kompensert, seier fylkesordførar Anders Riise (H).

Fylkesordfører i Møre og Romsdal, Anders Riise framfor ei ferje ikledd sort kåpe og hue.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise seier dei har elektrifisert halvparten av ferjene våre med ein stor ekstrakostnad som dei ikkje har fått finansiert gjennom Stortinget.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Likevel håpar han at dei kan få tilbake noko av pengane dei har brukt på elektrifisering av ferjesambanda.

– Vi har finansiert mykje på forskot, så vi håpar det kjem ei ordning som også ser litt tilbake i tid, slik at vi som allereie var tidleg ute, også blir kompensert for dei store meirkostnadene vi har hatt.

Vestland har også eit gap mellom meirkostnad for elektrifisering og det som staten gir i støtte. Gapet er på 80 millionar kroner årleg.

Rise seier at dei og Vestland har gitt beskjed at dei ikkje klarer å gjennomføre dette om dei ikkje får meir pengar.

– Det ser ikkje ut som at dei vil lytte til oss. Vi har gjentatt dette gjennom fleire år i innspela våre til statsbudsjettet.

MF «Ampere»

Elektriske MF «Ampere» går mellom Lavik og Oppedal i Vestland.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Han trur heller ikkje at fylkeskommunane klarer å gjennomføre dette. Då vil ikkje Noreg nå dei klimamåla som Stortinget har sett.

– Ein får unntak

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Cecilie Knibe Kroglund seier dei set krav til nullutslepp på nye anbod på ferje fordi teknologien har komme så langt at det er moglegheiter for det.

– Samtidig gir vi også fylkeskommunane kompensasjon på 50 millionar kroner som gjer at dei også skal få moglegheita økonomisk til å gjere dette, seier Knibe Kroglund.

Og dei fylka som ikkje har tilstrekkeleg tilgang til straum, økonomi eller bruker biogass, får unntak, seier ho.

Cecilie Knibe Kroglund

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Cecilie Knibe Kroglund.

Foto: Svein Sundsdal

– Så vi prøver i denne forskrifta å legge praktisk til rette for at dette skal vere mogleg for dei ulike fylkeskommunane. Der det ikkje er mogleg, der får ein unntak.

– De gir 50 millionar kroner til heile landet, til alle fylkeskommunane. Er ikkje det litt lite når berre Nordland vil trenge opp mot 1 milliard kroner for å klare dette?

– Nei, men det er faktisk sånn at berekningane av utgiftene for 2025 er veldig usikre. Denne kompensasjonen gjeld for 2025, og vi har òg sagt at vi vil følge med årleg på justering. Sånn at det reelt sett møter dei meirkostnadene fylkeskommunane har.

Det er heller ikkje første gongen fylka får kompensasjon for å gå over til elektrifiserte ferjer.

– Sidan 2021 har vi kompensert fylkeskommunane med 110 millionar kroner i året, i tillegg til dei 50 million som blir lagde på i år.

Publisert 09.01.2025, kl. 06.00

Read Entire Article