Fekk ikkje Viagra – då kom pistoltrugselen

1 month ago 21



Mannen tente på alle pluggane då han fekk den nedslåande beskjeden.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
TRUGA APOTEK: Eit apotek ved Torget i Bergen sentrum fekk ein rusa mann på besøk i februar i år. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 14.11.2024 16:05 Sist oppdatert 23 minutter siden

Mannen i 40-åra er no dømd til sju månadar fengsel etter ei lang rekke med lovbrot som gjeld trugslar, oppbevaring av narkotika og bering av våpen på offentleg stad.

Då mannen møtte i Hordaland tingrett tidlegare i haust, måtte han svare for ikkje mindre enn tre ulike tiltalar som vart teken ut mot han i løpet av det siste halvåret.

Hevda seg skoten

Den mest spesielle hendinga i tiltalane gjeld eit apotekbesøk på Strandkaien i Bergen i februar.

Midt på lyse dagen gjekk mannen til skranken og fortalde at han var skoten i kneet og skuldra. No måtte han ha eitt kutt- og sysett. Han hevda også at han hadde tapt 1,2 liter med blod og trengde plasmaoverføring.

Den tilsette på apoteket foreslo å ringe politiet. Det ville ikkje mannen ha noko av. Sidan apoteket var utseld for det han trengde, foreslo kvinna at han kunne oppsøke andre apotek.

Hissa seg opp

Men då spurde mannen om han kunne få kjøpe Viagra.

Dei er reseptpliktige og apoteket måtte difor spørje mannen kontrollspørsmål. 

Mannen svara berre ja på 3 av 7 spørsmål og kunne difor ikkje få pillene.

– Han vart plutseleg sint og aggressiv og fortalde at han hadde pistol. Tiltalte sa til den apotektilsette at ho kom til å angre på at ho nekta å gi han det han ville ha, skriv tingretten.

Apotekaren såg ikkje noko våpen, men fortalde at mannen prøvde å vise ein pistol ved å ta tak og strekke litt i jakka.

Alvorlege trugslar

Mannen var rusa under apotekbesøket. 

Ellers er han funnen skuldig i bering av både knivar, batong, foldesag og gasspistol, samt oppbevaring av ein større mengd med Rivotril- og Ksalol-tablettar.

Dei mest alvorlege forholda mannen er dømd for, gjeld likevel trugslar mot to kvinner.

I det eine tilfellet meiner retten det er i «grenseland» av å gjelde kroppsskade/drap.

– Trugselen gjeld lemlesting og torturliknande handlingar som kan innebera stor smerte.

I dommen kjem det også fram at mannen har hatt rusproblem i over 20 år, men at han ønskjer å ta seg saman og flytte vekk.

– Han er tidlegare domfelt for trugslar og narkotikalovbrot, men ser ikkje ut til å ha lært av tidlegare erfaringar, skriv retten.

Mannen i 40-åra fekk seinast i desember i fjor samfunnsstraff. No må han altså i fengsel. 

Ein av dei tre tiltalane mot mannen vart han frifunnen for.

Read Entire Article