Farevarsla kjem på rekke og rad dei neste dagane. Vind og nedbør er stikkorda.
Publisert 14.11.2024 14:58
Store delar av Nord-Norge har fått minst eitt farevarsel denne veka.
Torsdag sende Meteorologisk institutt ut oransje farevarsel om flaumfare for delar av Nordland. Varselet gjeld for fredag og fram til laurdag ettermiddag.
Det er også sendt ut farevarsel om jord-, sørpe- og flaumskred i delar av Nordland og sørlege Troms.
I fjella i Sør-Norge er det sendt ut gult farevarsel for snøfokk, som gjeld laurdag og delar av søndag.
– Generelt er det lågtrykk som er stikkordet for helgevêret i heile landet. Det blir mest vêr på vestsida av landet og i Nord-Norge, mens Austlandet slepp litt lettare unna, fordi dei blir liggande på le-sida, seier vakthavande meteorolog Marit Berger i Meteorologisk institutt til TV 2.
Fleire farevarsel i nord
Det er altså i Nord-Norge at dei fleste farevarsla kjem.
Lågtrykket som fører til uvêret i Troms, Finnmark og delar av Nordland er på veg vekk frå Norge no, ifølge Berger.
– Så kjem det eit nytt lågtrykk inn frå Island. Dette har kursen mot Midt-Norge og Nordland, seier meteorologen.
Lågtrykket har med seg mildare luft, som vil gjere til at temperaturane i området vil stige. Dermed vil den varsla nedbøren kome som regn.
Etter at TV 2 snakka med Berger, har det blitt sendt ut gult farevarsel for regn. Lokalt kan det kome opp mot 120 millimeter med regn.
🌧️ Fra fredag morgen til lørdag morgen er det venten mye regn i deler av Nordland og Troms ⚠️ Vi har sendt ut gult varsel.
På 24 timer kan det komme 50-65 mm, lengst sør i området lokalt opp mot 120 mm.
Det er fare for overvann i tettbebygde strøk og veier kan bli stengt 🚗 pic.twitter.com/RIC6ARq9cn
– På laurdag vil det gjere at vi får stor vasstand langs store delar av norskekysten, heilt frå Hordaland og opp til Kirkenes, seier Berger.
Så skal vêret snu, og det blir kaldare igjen.
– Når lågtrykket trekker austover, drar det med seg kjølig luft nordover. Då blir det kjøligare i løpet av helga, og det blir vinterlege forhold for alle, seier Berger.
Dermed kan nedbøren kome som snø fleire stader, varslar meteorologen.
Tåka skal lette
På delar av Austlandet kan det bli sol i helga, ifølge Berger.
– Fredag er det mildare luft, og stort sett temperaturar på plussida på Aust- og Sørlandet. Det blir litt vekslande skydekke, men det er gode sjansar for sol innimellom.
Det har vore tjukk tåke fleire stader dei siste dagane. Denne vil lette inn mot helga. Det vil også bli kjøligare.
– No skal det blåse litt meir, så det er håp for at det blir mindre av tåka for austlendingane, seier Berger.
– Så, utover i helga dreiar vinden over og bli meir nordvestleg. Det gjer at det blir kjøligare i Sør-Norge. I løpet av helga begynner temperaturen å søkke, legg Berger til.