Fangeutvekslinga: – Ein stor diplomatisk siger

1 month ago 22



26 fangar frå sju land er involvert i den historiske avtalen.

 AP
FANGEUTVEKSLING: Frå venstre: Vladimir Kara-Murza, Paul Whelan, Lilia Chanysheva, Andrei Pivovarov, Evan Gershkovich og Oleg Orlov. Foto: AP

Publisert 01.08.2024 18:24 Sist oppdatert 3 minutter siden

– Det er veldig positivt, men det viser òg at Putin brukar politiske fangar som gissel, seier Inna Sangadzhieva. 

Ho er avdelingssjef for Europa og Sentral-Asia i Helsingforskomiteen. 

Tidlegare i dag vart det nemleg kjent at Russland slepp laus den amerikanske Wall Street Journal-journalisten Evan Gershkovich og den tidlegare marinesoldaten Paul Whelan i ei stor fangeutveksling. 

Mikhail Valerjevitsj Mikusjin og Vladimir Kara-Murza er òg nemnd i avtalen. Mikusjin er sikta for spionasje mot Noreg, og jobba eit års tid på Universitetet i Tromsø.

Kara-Murza er journalist og opposisjonsaktivist, og vant mellom anna Pulitzer-prisen i år for ein kommentar i Washington Post. Han var dømt til 25 års fengsel.

 Natalia Kolesnikova / AFP
FENGSLA: Vladimir Kara-Murza vart i 2023 dømt til 25 års fengsel for å ikkje følga politiet sine ordre. Fleire menneskerettsgrupper meinte arrestasjonen var politisk motivert. Foto: Natalia Kolesnikova / AFP

Spesielt med politiske fangar

Sangadzhieva i Helsingforskomiteen seier dei for det meste jobbar med å få slippa fri opposisjonspolitikarar i Russland, då spesielt dei som er sjuke. 

 Frode Sunde / TV 2
LETTA: Inna Sangadzhieva, seniorrådgjevar i Helsingforskomiteen er glad for dei to amerikanarane som er lauslatne. Foto: Frode Sunde / TV 2

Gershkovich og Whelan er ikkje russiske opposisjonspolitikarar, og ho understrekar at dette slett ikkje skjer ofte. 

– Eg får déja vu til Sovjetunionen og den kalde krigen. Vesten og Sovjet vart einige om slike ting sjølv om det var stor usemje mellom landa, seier Sangadzhieva. 

Ein diplomatisk siger

Ein som har hatt meir å gjera med fangeutveksling enn dei fleste er advokat og forskar Brynjulf Risnes. 

Han har tidlegare jobba i Norsk utanrikspolitisk institutt, og var advokaten til Frode Berg, som vart benåda for spionasje i Russland, og kom heim i 2019. 

Han forklarer det at vanlege er at det er hemmelege tenester som forhandlar sakene, men det er styresmaktene som sit med det øvste ansvaret. 

Det er ofte av stor interesse for styresmaktene å henta heim eigne innbyggarar, spesielt når det gjeld politiske fangar. 

– Det er sett på som ein stor siger i dei landa som hentar heim sine eigne, seier Risnes. 

Per no er det meldt om at så mange som 26 personar er involvert i fangeutvekslinga.

 Christian Roth Christensen / TV 2
ERFAREN: Advokat Brynjulf Risnes har vore advokat i ei fangeutvekslingssak. Foto: Christian Roth Christensen / TV 2

Landa som deltek i utvekslinga, er USA, Tyskland, Polen, Slovenia, Noreg, Russland og Belarus, ifølge presidentkontoret i Tyrkia. 

– Kor stort er dette? 

– Dette er heilt nytt. Det er openbert at trykket no er stort, og a dette er personar som myndigheitene ser på som viktig å få heim. 

Sjølv om det truleg blir brukt som propaganda i alle land, er det òg ein diplomatisk siger i ein utrygg verd, meiner Risnes. 

– Det dempar konflikten i etteretningsfæren, sjølv om det har liten betydning i skyttargravene. Men i ein konflikt så er jo diplomati ein siger i seg sjølv. 

Read Entire Article