Fange har rømt frå Hustad fengsel på julaftan

16 hours ago 3



Politiet leiter etter ein mann i slutten av 30-åra, som skal ha rømt frå Hustad fengsel. Dei har avslutta det aktive søket i Hustadvika, men jobbar vidare med etterforskinga.

Han er framleis på rømmen, og vi etterforska saka, seier Sindre Molnes i politiet.

Han skal ha rømt klokka 06.15 i dag tidleg. Og politiet sette i gang med søk så fort dei kunne etter at meldinga kom.

No ber dei om hjelp frå publikum, om nokon observerer mannen, så skal dei ringe 02800.

HUSTAD FENGSEL: Mannen skal ha rømt frå Hustad fengsel, som ligg i Hustadvika i Møre og Romsdal.

Mannen er sist sett utanfor fengselsmurane, langs hovudvegen i retning Brynhallen. Han skal ha hatt på seg ei svart jakke og ei raud fengselsbukse.

Ifølge politiet skal han ikkje ha brukt vald eller trugslar i det han rømte. Og dei etterforskar no om han kan ha hatt ein medhjelpar med seg.

– Vi forsøker å finne ut korleis han har kome seg bort frå staden. Derfor ønskjer vi tips frå publikum, seier Molnes.

Vil ikkje spekulere i om det er planlagt


Politiet opplyser om at han sit i varetekt for vinningskriminalitet. Molnes vil ikkje spekulere i om han har planlagt å rømme frå fengselet. Det vil etterforskinga vise.

– Korleis han har tatt seg ut, vil eg ikkje gå inn på. Vi har observasjonar av han når han rømmer, og video av han på utsida av fengselet, seier han.

Hustad fengsel

Hustad fengsel ligg i Hustadvika kommune. Arkivbilete.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det skal vere folk i tilknyting til fengselet som såg når han stakk av.

Ifølgje nettstaden til fengselet har dei både fangar som sit med låg sikkerheit, og høg. Det er plass til 60 fangar i fengselet.

Publisert 24.12.2024, kl. 10.25 Oppdatert 24.12.2024, kl. 13.41

Read Entire Article