Færre republikanarar på Stortinget

2 hours ago 1



Dei aller fleste i Arbeidarpartiet si gruppe på Stortinget vil behalde kongedømet. Men ikkje alle.

– Eg synest det er gale at makt går i arv og synest at vi skal velje våre folkevalde, seier Agnes Viljugrein frå Oslo til NRK.

Ho vil ha ein republikk der folket vel kven som er statsoverhovud.

– Det er også ein sikringsventil. Om dei byrjar å opptre på måtar vi ikkje ønsker, så er det jo opp til folket å velje nokon andre.

Agnes Viljugrein, Ap

Agnes Nærland Viljugrein frå Oslo vil stemme for framlegget om å gjere Noreg til republikk.

Men Hashim Abdi i Ap frå Østfold, som med dei 21 åra sine er blant dei yngste på Stortinget, er ueinig med henne.

– Monarkiet i Noreg handlar ikkje om å bestemme over folk, men om å vere der for folk, seier han.

– Når alt anna skiftar, er det faktisk litt fint å ha noko som berre står støtt i bakgrunnen. Så eg ønsker absolutt ikkje nokon republikk.

en mann iført dress og slips

21 år og monarkist: Hashim Abdi frå Østfold.

Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB

Solid fleirtal

Det er framleis solid fleirtal på Stortinget for å behalde monarkiet som styreform i Noreg.

I 2019 stemte 36 representantar for å gjere Noreg til republikk. I 2022 gjorde 35 det same.

Ei førebels oppteljing NRK har gjort, viser at talet på republikanarar har falle blant stortingsrepresentantane – sjølv om snittalderen på stortingsrepresentantane er lågare enn nokon gong før.

– Eg trur at når mange kjenner på at vi lever i ei uroleg tid, representerer kongen og kongefamilien noko som samlar oss, seier Jonas Andersen Sayed i KrF.

Han har leidd arbeidet med saka i kontroll- og konstitusjonskomiteen, som i går avslutta arbeidet sitt med saka.

Jonas Andersen Sayed, KrF

Jonas Andersen Sayed i KrF er blant dei yngste på Stortinget – og er overtydd monarkist.

Foto: Kristian Skårdalsmo

Partipolitisk vil SV og Raudt stemme for republikk, medan Ap, Frp, Høgre, Senterpartiet og KrF går mot. MDG er delt, og Venstre sit ikkje i komiteen.

Men fleire parti stiller representantane fritt. Det betyr at det er utbrytarar i fleire parti som vil stemme mot partilinja når saka kjem til votering om ei veke.

Fryktar politisering

Eit klart fleirtal støtta monarki som styreform i Noreg i ei folkeavstemming i 1905. Den blei halden i samband med unionsoppløysinga med Sverige.

I Stortinget kikar Sayed opp på bildet av kong Harald. Den noverande kongen overtok rolla etter far sin, Olav V, i 1991.

– Eg trur at om vi skulle hatt ein republikk, så hadde det blitt ei politisering av enda ein ting, i staden for noko samlande, som vi har med kongefamilien i dag, seier Sayed.

– Kva trur du er grunnen til at mange, også unge, representantar ikkje ønsker å skifte styreform?

– Eg trur det handlar litt om at det fungerer så godt i dag. Om noko fungerer, kvifor skal du då fikse det?

– Men er det ikkje veldig gammaldags at slike funksjonar skal gå i arv?

– Jo, det er det. Hadde vi valt styreform i dag ut frå ingenting, så hadde vi sannsynlegvis ikkje valt det.

En person i uniform leser fra et dokument ved en talerstol. Omgivelsene er dekorert med grønne planter, og bakgrunnen er rød. Det er flere personer synlige i bakgrunnen som står samlet. Arrangementet ser ut til å være formelt, muligens en offentlig seremoni.

Kong Harald talar under stortingsopninga i fjor haust.

Foto: Thomas Andersen / NTB

Få Ap-utbrytarar

Dei fleste partia er nokså samstemte i stemmegivinga si. Men i det største partiet, regjeringspartiet Ap, finst det utbrytarar.

I tillegg til Viljugrein, vil også Ruth Mariann Hop frå Rogaland stemme for republikk, bekreftar ho sjølv.

Trine Lise Sundnes frå Oslo seier ho er republikanar, men vil stemme mot forslaget:

– Når vi rotar i sjølve berebjelkane i styresettet, må forslaget vere heilskapleg, solid greidd ut og breitt forankra. Det meiner eg ikkje er tilfellet ennå, seier ho.

Heller ikkje Øystein Mathisen frå Nordland vil støtte forslaget, men legg til:

– Prinsipielt meiner eg at ingen bør fødast inn i ein opphøgd tittel, og at monarkiet som styreform høyrer fortida til. Samtidig meiner eg at Kongen gjer ein strålande jobb og fyller ei viktig rolle i samfunnet vårt.

Viljugrein er altså ikkje heilt «den siste republikanaren» i Ap.

– Eg står støtt i mi sak og meiner det er i tråd med Aps verdiar om eit samfunn som er likt for alle, og som gir like høve til alle, seier ho – og understrekar at ho ikkje har nokon mistillit til kong Harald eller kongefamilien.

– Eg synest dei gjer ein god jobb. Men når ein er stortingsrepresentant, må ein stille seg dette spørsmålet på eit grunnleggande nivå.

MDG og Venstre delt

Blant MDGs åtte representantar er det både rojalistar og republikanarar, ifølge NRKs kartlegging.

Partileiar Arild Hermstad vil stemme for republikk, og det same vil Siren Julianne Jensen frå Finnmark, Une Bastholm frå Asker og nestleiar Ingrid Liland.

Marius L. Dalin frå Sogn og Fjordane vil stemme mot forslaget. Men han legg til:

– Eg er av prinsipp republikanar, og meiner Noreg på sikt bør bli republikk. Samtidig meiner eg kongehuset fungerer godt per i dag, så dermed er det ikkje hast med å gjere noka grunnlovsendring.

Også blant Venstres tre representantar er det ulike meiningar. Nestleiar Abid Raja vil stemme mot republikk og er dermed på kollisjonskurs med partileiar Guri Melby og Grunde Almeland.

P.S. Forslaget som no er til behandling, blei førre periode fremja av ein brei allianse samansett av representantane Grete Wold (SV), Tobias Drevland Lund (R), Une Bastholm (MDG), Sivert Bjørnstad (Frp), Heidi Nordby Lunde (H), Åsmund Aukrust (Ap) og Ingvild Wetrhus Thorsvik (V). Men utbrytarane frå Høgre og Frp er no ute av Stortinget.

Publisert 28.01.2026, kl. 06.01

Read Entire Article