Få gjer som Nora (20): – Vi mistar djup kulturkompetanse

23 hours ago 4



– Alle venninnene mine var i militæret eller tok friår, og så har dei begynt å studere på universitet i Noreg.

Det fortel 20 år gamle Nora Skjelstad Kjelsaas. Ho har starta på sitt andre år på ein bachelor i politikk, filosofi og økonomi ved universitetet i Manchester.

Ho er ein av stadig færre som vel å ta heile utdanninga i utlandet.

– Ein møter folk frå ulike bakgrunnar i mykje større grad. Det er både stimulerande og berikande, og du får verda mykje tettare på, forklarer ho.

Tal frå SSB viser at talet har stupt med heile 27 prosent (ekstern lenke) sidan toppåret 2014–2015.

– Fleire vel utveksling

Denne utviklinga bekymrar Jon Gunnar Simonsen.

Med dei globale utfordringane vi står i nå så treng vi meir internasjonal erfaring. Det å ha ei god forståing av resten av verda blir viktigare og viktigare, seier Simonsen.

Han er avdelingsdirektør for Europeisk samarbeid og kvalitetssikring ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-direktoratet).

– Vi mistar den djupe språk- og kulturkompetansen, og det internasjonale nettverket som kandidatane tar med seg heim, seier han og held fram:

En mann som smiler til kamera.

– Viss ein studerer i utlandet, får personen den veldig nyttige kompetansen det er å sjå Noreg utanåt, seier Jon Gunnar Simonsen i HK-direktoratet.

Foto: HK-direktoratet

– Sjølv om færre tar heile grada ute, reiser fleire på kortare utvekslingsopphald, så samla sett er det fleire som studerer i utlandet enn før.

Målet til myndigheitene (ekstern lenke) er at halvparten av norske studentar skal studere i utlandet med eit kortare eller lengre opphald.

– Dessverre er det berre omtrent 20 prosent som nyttar seg av moglegheita. Det er altfor få.

Studentane NRK møter på Universitetet i Stavanger trur det er fleire årsaker til nedgangen. Dei trekker mellom anna fram dårlegare sosialt nettverk og dyrare skoleløp.

  • En dame som tar ut bøker fra ryggsekken.

    Jorunn Lovise Helø

    Studerer sjukepleie.

    Vurderte du nokon gong å studera i utlandet?

    – Eg hadde litt lyst, men eg vurderte det aldri veldig seriøst. Det er veldig dyrt, og så er det jo eit stort steg å ta åleine.

    – Du var på utveksling. Kvifor valde du det?

    – Eg var to og ein halv månad i Afrika. Det var ikkje så lenge, og så drog eg saman med fleire frå sjukepleiestudiet. Det kjendest litt tryggare ut.

  • en mann som holder en veske

    Lazar Dingamanshev

    Student ved BI.

    – Vurderte du nokon gong å studere i utlandet?

    – Eg bestemde meg for å bli her fordi kjærasten min og alle vennene mine er her. Eg betaler sikkert meir her i Noreg enn eg hadde gjort om eg flytta ut.

    – Vurderer du utveksling?

    – Eg har sett på litt moglegheiter. Eg ser at det er moglegheiter i Spania, Amerika og Australia, og eg er open for å gå reise kor som helst.

  • En dame som skriver på datamaskinen og smiler til kameraet.

    Ellen Margrethe Djubek Torland

    Masterstudent i økonomi og administrasjon.

    – Har du tatt delar av utdanninga di i utlandet?

    – Eg tok faktisk bachelorgrada mi i Japan, og så var eg på utveksling eitt år på vidaregåande i USA.

    – Var lån eller stipend noko du bekymra deg for?

    – Ikkje så mykje. Eg var meir opptatt av at eg ville komma meg lengst vekk frå Noreg, og utfordra meg sjølv på nye måtar.

  • en mann som holder en veske

    Pernille Gåsbøck

    Studerer sjukepleie.

    – Tenkte du på studium i utlandet?

    – Nei, eigentleg ikkje. Eg er litt familiekjær, så eg vil helst vere nære familien min.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) fortel at reduksjonen i stipend til skolepengar blei vedtatt fordi dei ønskte å bruke pengar meir effektivt.

– Det viktig å få fram at studentane ikkje fekk mindre pengar til å betale skolepengar. Samla beløp til skolepengar er det same som før 2023-2024, men med 25 000 kroner lågare stipenddel og tilsvarande høgare lånedel, seier ho.

en kvinne som smiler til kameraet

– Det viktigaste for oss er at fleire får internasjonal erfaring, men vi har ikkje noko klart mål om at fleire skal ta heile grada i utlandet, seier Sigrun Aasland (Ap).

Foto: Ellinor Halvari / NRK

– Verda kjem tettare på

Kvardagen til Skjelstad Kjelsaas liknar gjerne på kvardagen til studentar i Noreg. Men ho meiner det er ein viktig skilnad.

Kvinne som smiler rett inn i kamera.

Nora Skjelstad Kjelsaas hadde verken tvil eller ein plan B da ho søkte seg inn på studium i England.

Foto: Privat

– Det krev eit anna sjølvstende og tilpassingsevne. Det å finne ut av kulturen, språket og korleis kollektivtransporten fungerer. Alle sånne små detaljar må ein stå i sjølv.

Men valet er ikkje gratis. Ho betaler nærare 350.000 norske kroner i året i skulepengar, og opp mot 12.000 norske kroner i hybelleige kvar månad.

– Det er jo ikkje til å legge skjul på at ein blir sittande med mykje gjeld. Ein veit ikkje korleis kursen kjem til å vere, som er ei stor bekymring, seier Skjelstad Kjelsaas.

Meir studiestønad, og betre anerkjenning i arbeidsmarknaden for utanlandsgrader, hadde minska dørstokkmila for mange som vurderer utanlandsstudiar, meiner ho.

– Eg jobbar på sida, og får litt hjelp av foreldra mine. Det hadde ikkje vore nok med berre Lånekassen.

– Urovekkande

At det er færre som Skjelstad Kjelsaas bekymrar også Jannecke Wiers-Jenssen.

Ho er forskingsleiar innan studentmobilitet ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning.

– Eg tenker at det er urovekkande. Det er viktig at folk får erfaring frå utlandet for å forstå betre korleis ein tenker rundt omkring i verda. Mange universitet i utlandet tilbyr utdanning med vel så god kvalitet som i Noreg.

En kvinne med kort blondt hår og svarte briller.

– Det er kanskje like stor grunn til å bekymre seg for kor dei drar, som at det nå er færre, seier Jannecke Wiers-Jenssen.

Foto: Ronnie Smith

Med auka uro internasjonalt og meir komplekse samarbeidsoppdrag, vil evna til å forstå politiske system og kultur bli viktigare, meiner Wiers-Jenssen.

Ho meiner også at det er eit problem at det er ein del land norske studentar ikkje vel å reise til.

– Dei landa som vi kanskje treng å forstå best er det ikkje mange nordmenn som studerer i. Vi treng å vite meir om korleis ting går føre seg i sentrale EU-land som Tyskland og Frankrike, eller korleis ein tenker i Kina eller i Russland.

Har du vurdert, eller vurderer du studier i utlandet?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Publisert 08.01.2026, kl. 10.22

Read Entire Article