Er matematikken i grunnskulen blitt for avansert og livsfjern?

4 hours ago 3



KRONIKK: Er matematikkfaget blitt for teoretisk?

Internasjonale testar viser at norske skoleelevar er svakare i algebra enn elevar i andre nordiske land. Kanskje faget bør nærma seg elevane att? Foto: Shutterstock
  • Sigmund Sunnanå

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Lærarutdanninga for barnesteget (GLU 1 – 7) har ei eining på fem studiepoeng under emnet Matematikk 1 med temaet «algebraisk tenking». Internasjonale testar, PISA og TIMSS, viser at norske skoleelevar er svakare i algebra enn elevar i andre nordiske land. I lærarutdanninga har NOKUT frå 2019 arrangert ein obligatorisk deleksamen i denne eininga.

Denne deleksamen har vist seg å vera vanskeleg for lærarstudentar. Årleg har ca. 1/3 av studentane stroke. Dette er studentar som har hatt matematikk i grunnskole og vidaregåande opplæring i 12–13 år. At så mange stryk, kan sjølvsagt skuldast at dei har eit svakt grunnlag i matematikk, men det kan også bety at det faglege innhaldet og eksamen er lite relevante for lærarstudentar. Dersom du følgjer denne linken, kan du sjølv ta prøva.

Ei meir praksisnær tilnærming

I bladet Utdanning nr. 2–2025 er det eit stort oppslag om at stryk til denne eksamenen kan bety at ein student ikkje får godkjent utdanninga si endå om ho har gjennomført femårig lærarutdanning med integrert master. I bladet er det også referert til to fagpersonar som har forskjellige syn på denne eksamenen. Den eine meiner at prøva bør avviklast fordi ho ikkje testar eigenskapar som er viktigast for å bli ein god lærar, og fordi prøva er forma ut på ein måte som ikkje passar for lærarstudentar. Den andre meiner at prøva er viktig fordi mange elevar i grunnskolen slit med algebra. Dei gjer det heller ikkje godt på internasjonale testar. Ein må derfor ha lærarar på barnesteget med solid forståing av algebraisk tenking.

Etter mi meining er det uheldig at denne prøva fører til vanskar for ein tredel av studentane å få fullført utdanninga si. Innhaldet i faget og dei faglege krava til eksamen kan også vera ein av grunnane til at ungdommar ikkje søkjer opptak til lærarutdanning. Denne prøva bør derfor falla bort. Både i grunnskolen og i lærarutdanninga bør faget endrast slik at det får ei meir praksisnær tilnærming.

Faget fjerna seg frå elevane

Fram til 1970-talet heitte faget rekning, og hadde som føremål å gi elevane i folkeskolen praktiske kunnskapar som dei hadde bruk for i arbeids- og samfunnsliv. På 1970-talet blei den moderne matematikken introdusert med mellom anna nye omgrep og symbol som skulle gi grunnlag for meir matematisk forståing og tenking.

I Mønsterplanen 1974, 1987 og Læreplanverket 1997 er det element frå den moderne matematikken, men omgrepsbruken er forståeleg, og faget eit praktisk føremål. Då Pisa-sjokket kom i desember 2001, blei det viktig for regjeringa å koma høgare på den internasjonale rangeringa. Kunnskapsløftet i 2006 førte mellom anna til at det blei ei sterk satsing på Pisa-faga norsk, matematikk og naturfag. Timetalet i desse faga auka på kostnad av dei praktiske og estetiske faga, kunst og handverk, musikk, kroppsøving, mat og helse, drama, som fall meir eller mindre bort.

Mykje av leiken i 6-årsreforma blei erstatta med undervisning i teori frå første klasse. Denne satsinga førte ikkje til betre Pisa-resultat. Eg meiner at ein nå med fordel kan redusera timetalet i Pisa- faga til slik det var før Pisa- sjokket. Det reduserte timetalet kan førast tilbake til dei praktiske og estetiske faga og til meir praksisretta undervisningsopplegg. Dei gode resultata oppnår ein best ved eit relevant innhald, motiverte elevar og engasjerte og dugande lærarar som set tilpassa krav til elevane.

Teoritungt og kjedeleg

I Kunnskapsløftet og seinare læreplanar blei matematikkfaget sterkt prega av oppgåvene i dei internasjonale undersøkingane frå OECD, Pisa og TIMSS. Det kom krevjande kompetansemål i matematikk og i dei andre Pisa- faga. Dette førte til at elevar opplevde skolen som teoritung og kjedeleg, og ein stad der dei kom til kort. For ein del elevar førte dette til mobbing og utagerande åtferd. Resultata av internasjonale målingar kan vera interessante og nyttige, men dei bør ikkje vera avgjerande for mål og innhald i norsk skole og utdanning.

Også lærarutdanninga blei påverka av resultata av dei internasjonale undersøkingane. I 2010 fekk vi ei todelt grunnskolelærarutdanning (1–7, 5–10) med hovudvekt på norsk og matematikk, utan obligatoriske praktiske og estetiske fag. At utdanninga blei konsertert om få teorifag, og i 2017 utvida til fem år med obligatorisk master, kan vera ei av årsakene til at søkjartilgangen til lærarutdanninga har gått ned. På Studiebarometeret har lærarutdanninga frå 2016 vore rangert lågast av studentane som tek universitet- og høgskoleutdanning.

For avansert og livsfjernt

Kunnskapsministeren har nå teke initiativet til å få nye læreplanar med ein meir praktisk orientert grunnskole. Departementet har også invitert lærarutdanningsinstitusjonane til å søkja om forsøk med alternative opplegg for lærarutdanninga. I matematikk bør ein i grunnskolen og i lærarutdanninga få eit matematikk fag med ei praktisk tilnærming som er relevant for barn og unge i deira kvardag og viktig i dagens samfunn. Folk med erfaring frå lærarabeid, arbeidsliv og kulturliv bør vera med på fagplanarbeidet. Meir avansert matematikk bør ein kunne få velja på vidaregåande-, universitetet- og høgskolenivå.

For somme grunnskoleelevar og også lærarstudentar er kanskje matematikkfaget blitt så teoretisk og livsfjernt at dei kjem til kort og føler seg mislukka. Barn, unge og lærarstudentar bør kunne få gå ut av skole og utdanning med tru på seg sjølve, vera stolte av det dei har oppnådd og ha kjensle av å kunne meistra livet som ligg framfor dei

Publisert:

Publisert: 28. april 2025 15:59

Read Entire Article