Er lei av at «alle» skal toppe laga på Norway Cup: – Tullete

1 month ago 15



– Vi er opptatt av at alle skal ha eit likeverdig tilbod her på sletta. For oss er det kjempeviktig at alle skal føle seg like mykje verd.

Det seier Vegard Riise Eikrem, som er dagleg leiar for Langevåg IL. Han meiner fleire vel å toppe laga under ei av verdas største fotballturneringar, og at det ikkje er riktig.

Mellom anna trekkjer han fram at alle på Norway Cup betalar like mykje for å vere med, og at alle er ein del av den same gruppa.

– Det er ikkje noko poeng at ungdomane skal reise til Oslo for å sitte på innbytarbenken. Då kan ein like gjerne sende draktene i posten.

Eikrem har sjølv tidlegare vore leiar av ungdomsutvalet i Norges Fotballforbund, og meiner krets og forbund må gjere meir for å ta opp det han ser på som ei problemstilling.

Eitt av Langevåg sine tre G16-lag i aksjon under Norway Cup denne veka.

Eitt av Langevåg sine tre G16-lag i aksjon under Norway Cup denne veka.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Norway Cup er meir enn berre fotball

Sjølv har Langevåg IL med 46 spelarar til Norway Cup, fordelt på heile tre G16-lag, der alle laga er like sterke, ifølgje Eikrem.

– Eg meiner det er tullete dersom spelarar vert verande på benken store delar av turneringa her og får spele veldig lite. I ungdomsfotballen må ikkje det vere slik at spelarar vert sitjande på benken i jakta på resultat, seier han.

Det skjer, og det vet vi alle, legg han til.

To av spelarane i klubben gir full støtte til leiaren.

– Det er heilt klart ein fordel for det sosiale, og ein blir ikkje berre med i éi gruppe. Då vert vi ein gjeng på 46 stykk. Det er no veldig kjekt å gjere det slik då, seier Jonas Steinsvik Fjørtoft.

Jonas Steinsvik Fjørtoft, Sander Solnørdal Bjørkavåg og Vegard Riise Eikrem i Langevåg IL

Jonas Steinsvik Fjørtoft, Sander Solnørdal Bjørkavåg og Vegard Riise Eikrem i Langevåg IL

Foto: Arne Flatin / NRK

– Norway Cup handlar om noko meir enn berre fotballen. Vi spelar korte kampar og kanskje 200 minutt med fotball totalt, medan det sosiale går føre seg gjennom heile veka, seier Sander Solnørdal Bjørkavåg.

Synes det er greitt å toppe lag?

Toppe eller ikkje toppe

Leiaren i Langevåg IL meiner dette må opp på agendaen.

Fråfallet i fotballen er for stort. Det er openbert at viss ikkje folk får spele fotball, så sluttar ein.

Norway Cup sjølv opplever ikkje topping av lag som eit stort eller aukande problem, fortel styreleiar Øystein Sundelin.

Vi som arrangør har ikkje oversikt over kven som er gode eller dårlege på eit lag, så dette blir ei subjektiv vurdering laga mellom – om dei er toppa eller ikkje, seier han.

 styreleder Øystein Sundelin i Norway Cup

Øystein Sundelin, styreleiar i Norway Cup.

Foto: Hallgeri Aunan / NRK

Han seier ein ikkje skal toppe lag for å vinne i dei yngste årsklassane. Dei heiar på verdiane for breiddeidrett: at alle skal få tid ute på banen eller i kamp.

Heile Norway Cup er bygd på at det skal vere idrettsglede og gøy å vere her, uansett kva nivå du er på. For høge ambisjonar blant trenarteamet eller nokre av spelarane skal ikkje trumfe den type verdiar.

Karl-Petter Løken, investeringsdirektør i Aker Horizons AS

Karl Petter Løken, generalsekretær i Noregs Fotballforbund.

Foto: Line Slotnes / Line Slotnes

Meiner retningslinjene er klare

Generalsekretær i Norges Fotballforbund, Karl Petter Løken, seier dei godt kan vere med og diskutere topping av lag under cupar. Men, han meiner dei er tydelege i sine retningslinjer.

– Der er vi klare på at alle som møter til kamp skal spele minimum éin omgang. Dette er eit viktig prinsipp, og eit ansvar for trenarar og lagleiarar å følge.

Vi blir gjerne med på ein diskusjon om vi må vere enda meir offensive på kommunikasjonen ut til klubbane om dei retningslinjene vi har, seier Løken.

Løken hyller det Langevåg IL gjer under Norway Cup, med sine tre, likeverdige lag.

Eg synest det er flott at dei deler i jamne lag i ei turnering som dette. Eg er sikker på at både klubben og spelarane kjem ut av Norway Cup som ein enda meir samansveist gjeng.

Riise Eikrem frå Langevåg IL trur ikkje det er så mange andre klubbar som gjer det som dei har gjort.

– Det er jo vanskeleg å seie sikkert, men eg har ei kjensle av at vi går mot straumen i denne saka her, det er det ikkje tvil om.

Publisert 01.08.2024, kl. 10.51

Read Entire Article