Knut Solvig
Studentleiar i Stavanger
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Vi får stadig inn saker som viser kor lite enkelte tenkjer på studentane sin helse og tryggleik.
Men takk til deg som faktisk tilbyr studentane våre ein trygg og god plass å bu. Du gir dei ein viktig start i ein ny by, der dei kanskje ikkje kjenner nokon og berre treng ein sunn og leveleg heim. Takk for at du held prisen på eit nivå som faktisk kan betalast av ein student, og for at du tek ansvar for standard og vedlikehald.
Dessverre finst det òg utleigarar som ikkje kjenner seg att i dette. Dei blir ikkje takka.
Privatmarknaden er lite regulert, og det betyr at ein kan leige ut bustader med mugg og ròte utan at nokon stoppar det. Det er alvorleg, både for den fysiske og psykiske helsa.
Studentar kjem til oss fordi dei ikkje blir høyrt når dei melder frå om mugg på soverommet. Fordi husleiga plutseleg hoppar utan forvarsel. Fordi kontraktar bind dei i månadsvis eller årevis, sjølv når buforholda er direkte skadelege. Nokon får til og med beskjed om at dei ikkje får lov til å flytte før dei kan dokumentere at bustaden har gjort dei sjuke. Det er uverdig.
Vi veit at mange studentar slit psykisk. Ein treng ikkje ein diagnose for å ha det vanskeleg. Livet skjer. Då skal ikkje ein utrygg eller helsefarleg bustad gjere alt verre, og ein student skal ikkje tvingast til å finansiere ein slik stad med studielånet. Må ein flytta, så skal ein få lov.
Eg forstår ikkje korleis dette ikkje går inn på samvitet til dei som leiger ut til sårbare unge menneske. Studentar har lite pengar, få alternativ og ofte desperat behov for tak over hovudet. Nettopp derfor må utleigarar vise ansvar, ikkje vere grådige.
Så viss du er utleigar og les dette: ta ein runde. Sjekk korleis leigetakarane dine faktisk har det. Snakk med dei om pris, om vedlikehald, om behov og endringar. Du skal ikkje sette eigne ønsker over dei du tener pengar på å huse.
Eg har fleire gonger skrive om studentbyen Stavanger. For å ha ein studentby som er full av liv så må me ha studentar som faktisk føler seg trygge heime. Ein har eit ansvar som utleigar, den som bur hos deg skal ikkje berre gje deg ei passiv inntekt. Du skal gje tryggleik og føreseielegheit tilbake.
Som utleigar må du bidra til humane kontraktar og trygge bustader. Det er det minste ein kan forvente.
Publisert:
Publisert: 30. desember 2025 11:20

2 hours ago
1












English (US)