Enorm pågang – betaler for å få bord til 17. mai

1 month ago 26



På Finn har det dei siste vekene vore fleire annonsar der folk både sel og ønskjer å kjøpe bord til dei store nasjonaldagsfeiringane.

– Det har blitt ein stor snakkis og verka til å vere staden dei skal, seier Mari som brukte nettstaden til å skaffe bord til seg og vennene.

Sjølv måtte dei ut med i overkant av 600 kroner per person, noko som inkluderer musserande vin.

Finn.no

Annonsen til Mari frå Finn.no.

Foto: Skjermdump / Finn.no

Heilt fullt

På Bislett i Oslo skal det no gjerast klar til at rundt 10.000 menneske skal fylle stadion med bunad og bobler.

I alt 888 bord skal fordelast utover indre bane på Bislett stadion. Arrangementet er utseld.

Bak står eventselskapet Eik Event. Dei forsikrar at dei har tenkt både på tryggleik og underhaldning.

– I dag skal vi rundt i postkasser og på dører med nabovarsel, dørene opnar klokka 11 og alt er ferdig klokka 19, seier Philip Bøckman.

Den kjende arenaen ligg midt i Oslo og er kjend for verdsrekordar.

Dyre dropar

I Oslo er det ikkje eit nytt fenomen med rådyre bord på dei mest populære uteserveringane, men dette spreier seg no rundt om i landet.

Nokon stader må ein betale dyrt for eit bord, andre stader er det «første-mann-til-mølla» som gjeld.

Til dømes på Sommero på Solli plass i Oslo var det eitt bord ledig til 17. mai måndag føremiddag. Pris: 8970 kroner.

På Lekter´n på Aker Brygge er det mogleg å kjøpe billett som inkluderer VIP-inngang mat og drikke til 2395 kroner.

Aker brygge

På Aker Brygge kan du kjøpe deg inn på 17. mai-fest.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Fullbooka

Over heile landet blir det meldt om enorm pågang for å sikre seg bord til den store festen. I Stavanger eig det danske selskapet Rekom fleire av dei store utestadane.

På uteserveringa til Proud Mary kostar det 500 kroner per person å reservere bord, skriv Stavanger Aftenblad.

– Utgiftene våre er langt høgare på 17. mai, seier regionsjef Andreas Berg i Rekom til avisa.

I Trondheim er det meldt om fullbooka restaurantar for lenge sidan og i Bergen er det venta enorm pågang på dei største uteserveringane.

– Det er stor etterspurnad og alt for fleire veker sidan melde restaurantar at dei er fullbooka.

Det seier reiselivssjef Kirsten Schultz i Visit Trondheim til NRK. Ho trur at dei gode vêrmeldingane vil trekke svært mange til byen.

Sel mykje bobler

Medan mange er opptekne av potetløp og leik på skuleplassar, har fenomenet med champagnefrukost og bobler utover dagen tatt heilt av.

Det merkar dei godt på Vinmonopolet.

– Vi ser det særleg i byane. Dess meir sentrumsnært polet ligg, jo større er sannsynlegheita for at vi sel mykje musserande der, seier Halvor Bing Lorentzen i Vinmonopolet.

I veke 20 i fjor selde polet 340.000 liter musserande vinar som champagne, cava og prosecco.

– Det er berre romjula som kan måle seg i mengde, seier Lorentzen.

Gler seg til fest

Ei av dei som har sikra seg billett til festen på Bislett er Christine Rasch og 19 andre vener.

Christine Rasch og Erik Nordberg Dahle i bunad og festklær

Christine Rasch og Erik Nordberg Dahle er klare til å feire 17. mai på Bislett stadion.

Foto: Privat

– Vi gler oss skikkeleg! Det blir kjempegøy å kunne feire nasjonaldagen saman med så mange, seier Rasch til NRK.

Med 9500 besøkande og fleire hundre på jobb blir det smekk fullt.

– Dette skal vere ein folkefest og det blir eit stort hurra med 20-årsgrense. Vi gler oss, seier arrangør Philip Bøckman.

Han trur at snittalderen på publikum blir rundt 30 år, det ein kallar unge vaksne.

Bøckman forsikrar at det blir ståande avsynging av nasjonalsongen.

Det er elles meldt strålande vêr mange stader, særleg frå Trøndelag og sørover. Temperaturane kan bli over 20 grader.

– Desse temperaturane er i skuggen. Det blir varmare i sola, så hugs å drikk vatn og smør på med solkrem, sa statsmeteorolog Sigrid Auganæs til NRK måndag.

Publisert 13.05.2024, kl. 16.50

Read Entire Article