Engan ute av fengsel i USA: – Det har vore heilt jævlig

1 day ago 1



– Det har vore heilt forferdeleg og eit mareritt.

Det seier Hanne Bredal Engan til NRK, med ein stor blomsterbukett og hunden i fanget.

Natt til onsdag norsk tid er ho ute av fengselet i USA.

– Det har vore heilt jævlig, seier ho.

Engan vart arrestert førre veke da ho møtte opp hos amerikanske utlendingsmyndigheiter for å formalisera opphaldsløyvet sitt.

Engan er diabetikar, og seier at ho i fengselet ikkje fekk insulinet ho trong, heller ikkje mat ho kunne eta. Ifølge Engan sat ho også i isolat i seks dagar.

Usikker på framtida i USA

Opplevinga gjer at ho no vil vurdera framtida si i USA.

Ho ser bort på ektemannen som køyrer når ho utdjupar:

– Eg kan jo ikkje forlata mannen min heller. Men eg veit ikkje om eg vil vera i eit land som har behandla meg sånn, seier Engan til NRK.

Hanne Engan Bredal

Hanne Bredal Engan med ektemannen Joshua Daguman og hunden Asne på veg frå fengselet.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Engan og den amerikanske ektemannen hennar Joshua Daguman er svært kritiske til korleis ho har vorte behandla. Dei seier at dei vil saksøka fengselet.

NRK har tidlegare prøvd å få ein kommentar frå fengselet om forholda, men har ikkje fått svar.

Lokal journalist: Spesiell situasjon

San Diego-fengselet der Engan sat, er drive privat. Der er det fleire som ventar på rettshøyringar.

Salvador Rivera er journalist for TV-kanalen Border Report. Han seier at Engans situasjon er spesiell.

– Mange der inne kjem til å misunna henne, vera «sjalu» på all hjelpa ho har fått, seier han til NRK.

Border - journalist

Journalist Salvador Rivera har følgt grensesituasjonen mellom USA og Mexico i mange år.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Det at folk vert arresterte når dei skal inn til intervju hos utlendingsmyndigheitene, er nytt i San Diego.

– Me byrja å høyra om dette for eit par veker sidan, fortel Rivera.

Han seier det er over 1000 personar som sit innanfor murane på fengselet no. Mellom anna folk frå Tyskland, Storbritannia, Canada og Australia.

Bildet viser inngangen til Otay Mesa Detention Center med et skilt fra CoreCivic. Bak skiltet er en høy sikkerhetsmur som omgir anlegget. Omgivelsene består av en asfaltert vei og busker. Det er klart vær og blå himmel i bakgrunnen.

Det privatdrivne fengselet i San Diego.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Dei fleste er ikkje dømde for noko, men vert likevel behandla som kriminelle, hevdar Rivera.

Fleire av dei har ikkje råd til verken advokat eller kausjon.

Utgått visum

Ifølge ektemannen hadde Engan opphalde seg ulovleg i landet i 27 dagar.

Brot på visumreglane er straffbart, og kan gi minst tre år utestenging frå USA.

Det kan vera formildande at ho er gift med ein amerikanar, og at praksis var annleis før Trump-administrasjonen skjerpa reglane.

– Det er ei mindre misferd, ikkje eit brotsverk, seier Engan.

Ho meiner amerikanske styresmakter ikkje hadde grunn til å fengsla henne. Den norske kvinna trur likevel det handlar om Trump-administrasjonen.

Må bruke fotlenke

Engan er sett fri med pengar som venene hennar samla inn.

Kausjonen var sett til rundt 15.000 norske kroner.

Engan med fotlenke

Hanne Engan har no elektronisk fotlenke.

Foto: Privat

Tysdag vart det klart at Engan må bruka elektronisk fotlenke fram til saka om visumregelbrot skal opp i retten 7. januar.

Det betyr i praksis at ho må melda frå om ho drar utanfor San Diego.

Interessert i meir utanriksstoff? Høyr siste episode av podkasten til redaksjonen:

Publisert 26.11.2025, kl. 02.09 Oppdatert 26.11.2025, kl. 06.21

Read Entire Article