Elisabeth (27) spør etter stravaen til dei ho møter på løpetur

1 month ago 24



Elisabeth Sivertsen er ei av fleire som har funnet gleda i å bruke treningsappen Strava. Nordmøringen bruker appen som eit sosialt medium.

– Visst eg møter folk på løpetur, kan det hende eg spør etter stravaen deira, seier ho.

No kan 27-åringen enkelt dele, like og kommentere andre sine økter. Det gir motivasjon når ho er ute og spring åleine.

Elisabeth Sivertsen

Elisabeth Sivertsen får motivasjon av å sjå andre publisere øktene sine.

Foto: privat

– Føler du at appen kan gi negative konsekvensar?

– Eg følar ikkje noko på det. Er man veldig opptatt av å samanlikne seg med andre, er det ikkje den beste plassen å vere, seier Sivertsen som sjølv legger ut alle øktene sine.

Det finst folk som ikkje publiserer løpeturane sine dersom dei føler tempoet ikkje er raskt nok. Eg synst det er idiotisk, for det motivera meir å vise det som er ekte.

Skjermdump av Strava aktivitet

Skjermdump frå Strava: Elisabeth Sivertsen gleder seg over å dele sin første 10 km.

Foto: Strava

Meiner Strava er det nye Instagram

Også Andreas Langeland Røbech (20) har brukt appen ei god stund. Han bruker den aktivt for personleg utvikling, men også for å følgje med på kompisar.

– Det er jo som Instagram, berre at du legg ut øktene dine i staden for.

Det var faren til Røbech som viste han Strava-appen. Det starta med sykling, men har rulla seg fort over til springing.

Andreas Røbech

For Andreas Røbech har trening vore ein viktig del av kvardagen. Det blir aldri ei økt utan smartklokke eller mobil.

Foto: Privat

– No arbeidar eg i forsvaret. For meg har analysen og statistikken over øktene vore viktig for utviklinga mi.

Treningsappen Strava skriv til NRK at det er generasjon Z som er mest aktiv i appen. Og kvinner er hakket meir aktive enn menn når det kjem til å publisere øktene sine.

Brukar du treningsappen Strava?

Sosial treningsdagbok

Magnus Næss Trosdahl, arrangementssjef i Noregs Friidrettsforbund, er sjølv biten av springe-basillen.

Han seier at treningsappar gir eit godt sosialt miljø. I tillegg til at du kan lagre alle treningsøktene dine.

Her har nok treningsappane erstatta dei gamle treningsdagbøkene.

Ulike faktorar som påverkar

Trosdahl fortel at tal frå Noregs Friidrettsforbund viser at det er springing som er i vinden for tida.

– Det er jo kanskje den enklaste treningsforma for å oppretthalde helsa. Du treng eigentleg berre å ta på joggesko, så kan du komme deg ut og springe.

Magnus Trosdahl, arrangementssjef i Norges Friidrettsforbund.

Magnus Næss Trosdahl trur at løpeaktiviteten vil gå i bølgjedalar.

Foto: Privat

Han trur at sjølvrealisering også spelar ei viktig rolle både for eigen prestasjon og deling på sosiale medium.

Vi har lyst å teste kroppen vår, setje ny rekord og oppnå nye mål.

Trosdahl seier at prestasjonar i sportsverda og influensarar også bidreg til at springing har blitt populært.

– Vi har jo idrettsutøvarar som gjer det ganske bra i Noreg om dagen. Her kan vi nemne Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen for eksempel.

Men han trur også at treningsappane kan ha nokre negative konsekvensar.

– Det kan fort bli eit press om å vise seg fram, og at man gjer det for andre enn seg sjølv.

Han meiner det kan vere uheldig å sammenligne seg sjølv ut med andre.

– Det er ikkje gitt at ein mosjonist skal oppnå eller følgje same resultat og trening som ein profesjonell idrettsutøvar, seier Trosdahl.

Dele for glede

Det var då Elisabeth Sivertsen fekk problem med helsa si at treningsappen blei meir aktuell.

– Eg blei jo sjuk for nokre år sidan med kronisk migrene. Det å kunne dele og gi motivasjon til andre har gitt meg meir springeglede.

Elisabeth Sivertsen

Elisabeth Sivertsen hadde behov for å kome seg ut. Det blei for klamt på treningssenteret.

Foto: Privat

Det var ei gruppe på Facebook som gjorde at ho oppdaga fleire som også slit med hovudverk. Dei fleste var aktive på treningsappen, som gjorde det enkelt å dele erfaringar med kvarandre.

– Det har vore stor hjelp. Vi kan no heie på kvarandre, sjølv om vi ikkje møtast i verkelegheita.

Publisert 31.07.2024, kl. 11.21

Read Entire Article