Tilsettingsutvalet i Fauske kommune har einstemmig innstilt Tom Erik Holteng som ny kommunedirektør. Det opplyser kommunen i ei pressemelding.
– Det er eit einstemmig utval som er glade for at Tom Erik har søkt og ønsker jobben som kommunedirektør. Det var mange svært gode kandidatar til jobben, og nålauget har vore trongt. Det har derfor vore både eit krevjande, men også veldig spennande arbeid, seier ordførar Marlen endall Berg som har leia tilsettingsutvalet.
Det er kommunestyret som skal ta den endelege avgjersla. Det vil bli behandla i kommunestyret 24. april 2025.
Kommunen skriv vidare i pressemeldinga at Holteng har ein omfattande bakgrunn frå offentleg sektor, med lang erfaring som topp- og mellomleiar. Han har vore ein del av Fauske kommune sidan 2023, kor han har hatt rolla som stabsleiar for innovasjon og digital utvikling.
Tidlegare har han hatt stillingar som einigsleiar i Fauske kommune og prosjektleiar i Salten Regionråd.
– Dette er ein viktig og spennande jobb i ein kommune kor vi har moglegheiter for vekst og utvikling og eg ønsker å bidra i dette arbeidet. Innstillinga er eg glad for, men ønsker ikkje å seie meir før eventuelt etter kommunestyret si behandling, seier Holteng.